Miljøterapeut vaken nattevakt 77%

Arbeidsgiver
Sunnmørsheimen ungdomsheim, avd. Nygardsvegen, Bufetat
Stillingstittel
Vaken nattevakt
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Sunnmørsheimen ungdomsheim, avdeling Nygardsvegen, er det no ledig 2 faste 77% stillingar som vaken nattevakt. Stillinga har arbeid p.t. kvar tredje helg med vaktar på inntil 12,5 timar.

Vi er ein spennande, utviklande og dynamisk arbeidsplass med dyktige og dedikerte fagfolk. Saman arbeidar vi for å skape dei beste rammene for ungdomar i ein vanskeleg livssituasjon gjennom risikoredusering, endring og utvikling. Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte? Då er kanskje du den vi leitar etter!

Sunnmørsheimen er eit tiltak under Bufetat, plassert i volda kommune i Møre og Romsdal. Vi har per i dag 2 avdelingar, avdeling Klatrevegen som er ei akuttavdeling, og avdeling Nygardsvegen som er ei behandlingsavdeling. Vi har ungdomar i aldersgruppa 12-18 år. Målgruppa er ungdom som er plassert etter barnevernloven §§ 4-4, 6-1 og 6-2. I Bufetat arbeider vi med å utvikle det statlege barneverns- og familievernstilbodet for framtida, med bakgrunn i barnevernsreforma. Våre tenester skal vere godt koordinerte og kvalitetssikra, slik at vi kan ta vare på dei mest utsette barna og ungdomane.

Vi oppmodar menn til å søkje på grunn av fordelinga i teamsamansetjingar.



Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å skape ein trygg omsorgsbase for ungdomane våre, innanfor institusjonen sine rammer og forståelsemodellar.

Her er nokre av dei faste arbeidsoppgåvene som vi håper vil gje deg ein spennande og variert arbeidskvardag:

  • Utøve god og trygg omsorg, som bidrar til ein trygg og stabil kvardag for ungdomane våre
  • Ansvar for førebuing og tilrettelegging i samband med legge- og vekkesituasjonar
  • Ansvar for å koordinere og følgje opp oppgåver og situasjonar som oppstår i løpet av ei natt
  • Ansvarsvakt på natt
  • Skriftleg dokumentasjon, rapportering og miljøterapeutisk planarbeid
  • Delta i planlegging og gjennomføring av målretta aktivitetar og andre miljøterapeutiske tiltak for ungdomane
  • Drive målretta miljøterapeutisk arbeid og behandling innanfor Sunnmørsheimen sine faglege rammer og metodar
  • Utføre praktiske oppgåver ved institusjonen, med tanke på grunnstruktur og hushaldning

    Kvalifikasjonar

    Når det kjem til utdanningsnivå ønsker vi at du oppfyller minst eit av følgande krav:

    • Du har relevant bachelorgrad innan barnevern, sosialt arbeid eller vernepleiar. Anna utdanning på bachelornivå med 180 studiepoeng kan vurderast
    • Unntaksvis kan du som har eit relevant fagbrev i kombinasjon med erfaring med målgruppa, også verte vurdert for stillinga
    • Erfaring fra barneverninstitusjon eller anna arbeid med barn og unge

    Ellers må du ha:

    • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
    • Førarkort klasse B

    I tillegg er det ein fordel om du har:

    • Kjennskap til traumesensitiv tilnærming, eller må kunne tileigne deg og jobbe etter prinsippa for ei traumesensitiv tilnærming
    • God IKT kompetanse, som til dømes tekstbehandling, dokumentering og journalføring

    Unntaksvis kan andre søkjarar med relevant erfaring og kompetanse fra barnevernsinstitusjon eller liknande verte vurdert.

    Personlege eigenskapar

    På Sunnmørsheimen ser vi etter ein ny kollega med eit stort hjarte for ungdomane våre, med ei sterk evne til å vise kjærleik og eit varmt blikk. Vi arbeidar med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når andre har det vanskeleg. Det er viktig at du har ei god fysisk og psykisk helse, då arbeidet med målgruppa er krevjande. Vi har stort fokus på samarbeid med dei som bur hjå oss.

    Vi ser etter deg som:

    • Er roleg, trygg, tydeleg og stabil i vaksenrolla, samtidig som du set grenser og står i konflikt og vanskelege situasjonar over tid
    • Har eit bevisst forhold til bruk av tvang, samt til omgrep som tillit/tryggleik, relasjon og regulering i praksis
    • Har evnen til å aktivt delta i rettleiing og reflektere rundt eigen praksis
    • Har stor ansvarsevne og evner å ta initiativ på sjølvstendig grunnlag
    • Jobber strukturert og målretta ut frå ungdomane sine individuelle behandlingsplanar

    Personlege eigenskapar og teamsamansetjing vil verte avgjerande for kven som tilsetjast.

    Vi tilbyr

    • Stillingene er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog og 1508 vernepleier, med lønn p.t. kr 466 600 - 604 900 pr. år (ltr. 45-62), eller 1185 spesialutdannet sosionom, 1509 spesialutdannet vernepleier, 1510 spesialutdannet barnevernspedagog eller 1534 spesialutdannet miljøterapeut, med lønn p.t. kr 532 200 - 615 700 pr. år (ltr. 54-63).
    • For deg som ikke har fullført høyere utdanning gjelder stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t kr 443 000 - 480 900 pr. år (ltr. 41-47), 1203 Fagarbeider m/fagbrev, p.t. kr 432 800 - 487 800 pr. år (ltr. 39-48) eller 1486 miljøarbeider, p.t. kr 394 100 - 472 900 pr. år (ltr. 30-46 ). Avlønning og stillingskode vurderes etter utdanning og erfaring.
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

    I tillegg kan vi tilby ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag med høgt fagleg fokus, løypande opplæring og støtte i sikkerheitstrening og aktuelt lovverk, og ein personalgruppe med et høgt engasjement.

    Hjå oss vil du også få

    • Vere med på skape ein forskjell for ungdom som trenger det aller mest
    • Ein arbeidskvardag med varierte og spennende oppgåver og utfordringar
    • Positive og engasjerte kollegaer med brei fagkunnskap og lang erfaring frå barnevernfeltet

    Opplysningar til deg som søker

    • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk
    • Stillinga er for tida lagt til Sunnmørsheimen ungdomsheim avdeling Nygardsvegen behandling
    • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden
    • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge

    Søknad, CV, vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit sendes elektronisk via link på denne siden.

    Vi ber om at det vert oppgitt minimum to referanser som er fagleg relevant og av nyare dato.

    Kontaktinformasjon

    Elisabeth Jørgensen Haugen, avd.leiar, 46 61 76 65

    Stian Bjerkvik, Einingsleiar , 97 77 18 18

    Arbeidssted

    Nygardsvegen 4

    6103 Volda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Bufetat



    Referansenr.: 4832927938

    Stillingsprosent: 77%

    Fast

    Søknadsfrist: 18.08.2024


    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    2
    Sted
    Nygardsvegen 4, 6103 Volda
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
    FINN-kode
    363085523
    Sist endret
    29. juli 2024 06:01