Miljøterapeuter fast 100%

Arbeidsgiver
Sunnmørsheimen Ungdomsheim, avd. Nygardsvegen, Bufetat
Stillingstittel
Miljøterapeuter, fast 100%
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Sunnmørsheimen ungdomsheim, avdeling Nygardsvegen er det no ledig 3 faste 100% stillinger som miljøterapeut. Stillingane går i todelt turnus med dagvakter og kveldsvakter i veka, og langvakter på inntil 12,5 timer kvar 4. helg.

Vi er ein spennande, utviklande og dynamisk arbeidsplass med dyktige og dedikerte fagfolk. Saman arbeidar vi for å skape dei beste rammene for ungdomar i ein vanskeleg livssituasjon gjennom risikoredusering, endring og utvikling. Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte? Då er kanskje du den vi leitar etter!

Sunnmørsheimen er eit tiltak under Bufetat, plassert i Volda kommune i Møre og Romsdal. Vi har per i dag 2 avdelingar, avdeling Klatrevegen som er ei akuttavdeling, og avdeling Nygardsvegen som er ei behandlingsavdeling. Vi har ungdomar i aldersgruppa 12-18 år. Ungdomane er plassert etter barnevernloven §§ 4-4, 6-1 og 6-2. I Bufetat arbeider vi med å utvikle det statlege barneverns- og familievernstilbodet for framtida, med bakgrunn i barnevernsreforma. Våre tenester skal vere godt koordinerte og kvalitetssikra slik at vi kan ta vare på dei mest utsette barna og ungdomane.

Vi oppmodar menn til å søkje på grunn av fordelinga i teamsamansetjingar.



Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å skape ein trygg omsorgsbase for ungdomane våre, innanfor institusjonen sine rammer og fagmodellar.

Her er nokre av dei faste arbeidsoppgåvene som vi håper vil gje deg ein spennande og variert arbeidskvardag:

  • Utøve god og trygg omsorg, som bidrar til ein trygg og stabil kvardag for ungdomane våre
  • Drive målretta miljøterapeutisk arbeid og behandling innanfor Sunnmørsheimen sine faglege rammer og metodar
  • Ansvar som hovudkontakt for ungdomane
  • Ansvar for etablering av behandlingsplan, handlingsplan, samt koordinering av arbeidet rundt ungdomen
  • Planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak og aktivitetar
  • Samarbeid med ulike instansar både internt og eksternt, samt med ungdommane sine pårørande
  • Utføre praktiske gjeremål og halde grunnstruktur for hushald ved institusjonen
  • Skriftleg dokumentasjon og rapportering

Instistusjonen har særskilte ansvarsområde som dekker skule, helse, famile, nettverk, tryggleik og sikkerheit. Dette er ansvarsområde som kan verte tillagt stillinga.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • Relevant bachelorgrad fortrinnsvis innan helse, sosial eller pedagogikk. Anna relevant bachelorutdanning med 180 studiepoeng kan vurderast
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk

Det er ein fordel om du i tillegg har:

  • Erfaring/praksis frå arbeid med ungdomar i institusjon. Søkarar med praksis frå arbeid med åtferdsvanskar hjå ungdom kan bli prioritert
  • Kompetanse på traumesensitiv tilnærming. Du må kunne tileigne deg kunnskap om, samt jobbe etter prinsippa for traumesensitiv tilnærming
  • Kjennskap til rettigheitsforskriften og styrande lovverk
  • God IKT kompetanse, som til dømes tekstbehandling, dokumentering og journalføring

    Personlege eigenskapar

    På Sunnmørsheimen ser vi etter nye kollegaer med eit stort hjarte for ungdomane våre, ei sterk evne til å vise kjærleik og eit varmt blikk. Vi arbeidar med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når andre har det vanskeleg. Det er viktig at du har ei god fysisk og psykisk helse, då arbeidet med målgruppa er krevjande. Vi har stort fokus på samarbeid med dei som bur hjå oss.

    Vi tror du vil trives dersom du kjenner deg igjen i disse punktene:

    • Du er roleg, trygg, tydeleg og stabil i vaksenrolla, samtidig som du set grenser og står i konflikt og vanskelege situasjonar over tid
    • Gode samarbeidsevner både når det gjeld ungdomar, pårørande, samarbeidspartnarar internt og eksternt, og kollegaer
    • Har eit bevisst forhold til bruk av tvang, samt til omgrep som tillit/tryggleik, relasjon og regulering i praksis
    • Har evnen til å delta aktivt i rettleiing og reflektere rundt eigen praksis
    • Har ein stor ansvarsevne og evner å ta initiativ på sjølvstendig grunnlag
    • Jobber strukturert og målretta ut frå ungdomane sine individuelle behandlingsplanar

    Personlege eigenskapar og teamsamansetting vil verte avgjerande for kven som tilsettast.

    Vi tilbyr

    • Stillingene er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog og 1508 vernepleier, med lønn p.t. kr 466 600 - 604 900 pr. år (ltr. 45-62), eller 1185 spesialutdannet sosionom, 1509 spesialutdannet vernepleier, 1510 spesialutdannet barnevernspedagog eller 1534 spesialutdannet miljøterapeut, med lønn p.t. kr 532 200 - 615 700 pr. år (ltr. 54-63). Avlønning og stillingskode vurderes etter utdanning og erfaring.
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

    I tillegg kan vi tilby ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag med høgt fagleg fokus, løypande opplæring og støtte i sikkerheitstrening og aktuelt lovverk, og ein personalgruppe med et høgt engasjement.

    Hjå oss vil du også få:

    • Vere med på skape ein forskjell for ungdom som trenger det aller mest
    • Ein arbeidskvardag med varierte og spennende oppgåver og utfordringar
    • Positive og engasjerte kollegaer med brei fagkunnskap og lang erfaring frå barnevernfeltet

    Opplysningar til deg som søker:

    • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk
    • Stillinga er for tida lagt til Sunnmørsheimen ungdomsheim avdeling Nygardsvegen behandling
    • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden
    • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge

    Søknad, CV, vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit sendes elektronisk via link på denne siden.

    Vi ber om at de vert oppgitt minimum to referanser som er fagleg relevant og av nyare dato.

    Kontaktinformasjon

    Elisabeth Jørgensen Haugen, Avdelingsleiar, Nygardsvegen, 46 61 76 65

    Stian Bjerkvik, Einingsleiar, Sunnmørsheimen, 97 77 18 18

    Arbeidssted

    Nygardsvegen 4

    6103 Volda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Bufetat



    Referansenr.: 4832931126

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 18.08.2024


    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    3
    Sted
    Nygardsvegen 4, 6103 Volda
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Barnevernspedagog, Helsepersonell
    FINN-kode
    363085599
    Sist endret
    29. juli 2024 05:53