Inaktiv

Miljøterapeut vaken natt 77%

Arbeidsgiver
Sunnmørsheimen akuttinstitusjon, Bufetat
Stillingstittel
Miljøterapeut fast - vaken nattevakt
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Sunnmørsheimen akuttinstitusjon avdeling Klatrevegen, er det no ledig 3 faste stillingar som miljøterapeut vaken nattevakt på 77 %. Stillinga har arbeid p.t. kvar tredje helg med vakter på inntil 12,5 timar. Stillingane er i dag knyt til avdeling Klatrevegen, men kan ved endring i institusjonens behov verte flytta til anna avdeling ved institusjonen.

Vi er ein spennande, utviklande og dynamisk arbeidsplass med dyktige og dedikerte fagfolk. Saman arbeidar vi for å skape dei beste rammene for ungdomar i ein vanskeleg livssituasjon gjennom risikoredusering, endring og utvikling. Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte? Då er kanskje du den vi leitar etter!

Sunnmørsheimen er eit tiltak under Bufetat, plassert i volda kommune i Møre og Romsdal. Vi har per i dag 2 avdelingar, avdeling Klatrevegen som er ei akuttavdeling, og avdeling Nygardsvegen som er ei behandlingsavdeling. Vi har ungdomar i aldersgruppa 12-18 år. Målgruppa er ungdom som er plassert etter barnevernloven §§ 4-4, 6-1 og 6-2. I Bufetat arbeider vi med å utvikle det statlege barneverns- og familievernstilbodet for framtida, med bakgrunn i barnevernsreforma. Våre tenester skal vere godt koordinerte og kvalitetssikra slik at vi kan ta vare på dei mest utsette barna og ungdomane.

Vi oppmodar menn til å søkje på grunn av fordelinga i teamsamansetjingar.



Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å skape ein trygg omsorgsbase for ungdomane våre, innanfor institusjonen sine rammer og forståelsemodellar.

Her er nokre av dei faste arbeidsoppgåvene som vi håper vil gje deg ein spennande og variert arbeidskvardag:

  • Ivareta og gje god omsorg til ungdom i akutt krise
  • Ansvar for førebuing og tilrettelegging i samband med legge- og vekkesituasjonar
  • Ansvar for å koordinere og følgje opp oppgåver og situasjonar som oppstår i løpet av ei natt
  • Ansvarsvakt på natt
  • Skriftleg dokumentasjon og rapportering, og miljøterapeutisk planarbeid
  • Delta i planlegging og gjennomføring av målretta aktivitetar og andre miljøterapeutiske tiltak for ungdomane
  • Drive målretta miljøterapeutisk arbeid og behandling innanfor Sunnmørsheimen sine faglege rammer
    og metodar
  • Utføre praktiske oppgåver ved institusjonen tilknytt grunnstruktur og hushaldning

    Kvalifikasjonar

    Når det kjem til utdanningsnivå ønsker vi at du oppfyller minst eit av følgande krav:

    • Bachelorgrad innan barnevern, sosialt arbeid eller vernepleiar. Anna utdanning på bachelornivå med 180 studiepoeng kan vurderast
    • Unntaksvis kan du som har eit relevant fagbrev i kombinasjon med erfaring med målgruppa, også verte vurdert for stillinga
    • Erfaring fra barneverninstitusjon eller anna arbeid med barn og unge

    Ellers må du ha:

    • Førarkort klasse B
    • God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk

    I tillegg er det ein fordel om du har:

    • Erfaring frå arbeid med ungdom i krise
    • Kjennskap til traumesensitiv tilnærming, eller må kunne tileigne deg og jobbe etter prinsippa for ei traumesensitiv tilnærming
    • Kjenskap til TMBO, MBT, MI, eller anna relevant behandlingstilnærming
    • Kjennskap til barnevernlova
    • God IKT kompetanse, som til dømes tekstbehandling, dokumentering og journalføring

    Unntaksvis kan andre søkjarar med relevant erfaring og kompetanse fra barnevernsinstitusjon eller liknande verte vurdert ut frå søkjargrunnlaget.

    Personlege eigenskapar

    På Sunnmørsheimen ser vi etter ein ny kollega med eit stort hjarte for ungdomane våre, med ei sterk evne til å vise kjærleik og har eit varmt blikk. Vi arbeidar med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når andre har det vanskeleg. Det er viktig at du har ei god fysisk og psykisk helse, då arbeidet med målgruppa er krevjande. Vi har stort fokus på samarbeid med dei som bur hjå oss.

    Vi ser etter deg som:

    • Er opptatt av å byggje relasjonar, også i møte med avvisning og motstand
    • Er ein trygg og tydeleg vaksen på tvers av ulike situasjoner, som ikkje er redd for å setje grenser
    • Gjennomfører risikovurderingar og iverksett målretta tiltak etter behov
    • Liker å ta del i rettleiing og reflektere rundt praksis, både sjølvstendig og saman med andre
    • Ser verdien av å gjennomføre dokumentasjonsarbeid i tråd med rutinar og krav

    Personlege eigenskapar og teamsamansetjing vil verte avgjerande for kven som tilsetjast.

    Vi tilbyr

    • Stillingene er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog og 1508 vernepleier med lønn p.t. kr 466 600 - 604 900 pr. år (ltr. 45-62), eller 1185 spesialutdannet sosionom, 1509 spesialutdannet vernepleier, 1510 spesialutdannet barnevernspedagog eller 1534 spesialutdannet miljøterapeut med lønn p.t. kr 532 200 - 615 700 pr. år (ltr. 54-63). For deg som ikkje har fullført høgare utdanning gjeld stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t. kr 443 000 - 509 300 pr. år (ltr. 41-51), 1203 fagarbeider m/fagbrev, p.t. kr 432 800 - 502 300 pr. år (ltr. 39-50) eller 1486 miljøarbeider, p.t. kr 394 100 - 495 200 pr. år (ltr. 30-49). Avlønning og stillingskode vurderes etter utdanning og erfaring.
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

    I tillegg kan vi tilby ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag med høgt fagleg fokus, løypande opplæring og støtte i sikkerheitstrening og aktuelt lovverk, og ein personalgruppe med et høgt engasjement.

    Hjå oss vil du også få:

    • Vere med på skape ein forskjell for ungdom som trenger det aller mest
    • Ein arbeidskvardag med varierte og spennende oppgåver og utfordringar
    • Positive og engasjerte kollegaer med brei fagkunnskap og lang erfaring frå barnevernfeltet

    Opplysningar til deg som søker:

    • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk
    • Stillinga er for tida lagt til Sunnmørsheimen akuttinstitusjon
    • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden
    • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge

    Søknad, CV, vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit sendes elektronisk via link på denne siden.

    Vi ber om at de vert oppgitt minimum to referanser som er fagleg relevant og av nyare dato.

    Kontaktinformasjon

    Tobias Vassbotn Evebø, Avdelingsleiar, 46 61 76 56

    Stian Bjerkvik, Einingsleiar , 97 77 18 18

    Arbeidssted

    Klatrevegen 2

    6104 Volda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Bufetat



    Referansenr.: 4833144613

    Stillingsprosent: 77%

    Fast

    Søknadsfrist: 18.08.2024


    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    3
    Sted
    Klatrevegen 2, 6104 Volda
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Barnevernspedagog, Helsepersonell
    FINN-kode
    363085606
    Sist endret
    29. juli 2024 05:54