Miljøterapeut fast 100% og 90%

Arbeidsgiver
Sunnmørsheimen akuttinstitusjon, Bufetat
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Sunnmørsheimen akuttinstitusjon avdeling Klatrevegen, er det no ledig 2 faste stillingar som miljøterapeut 100% og ei fast 90%. Stillingane går per i dag i todelt turnus med dagvakter og kveldsvakter i veka, samt langvakter (inntil 12,5 t.) kvar 4. helg. Stillingane er i dag knyt til avdeling Klatrevegen, men kan ved endring i institusjonens behov verte flytta til anna avdeling ved institusjonen.

Vi er ein spennande, utviklande og dynamisk arbeidsplass med dyktige og dedikerte fagfolk. Saman arbeidar vi for å skape dei beste rammene for ungdomar i ein vanskeleg livssituasjon gjennom risikoredusering, endring og utvikling. Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte? Då er kanskje du den vi leitar etter!

Sunnmørsheimen er eit tiltak under Bufetat, plassert i Volda kommune i Møre og Romsdal. Vi har per i dag 2 avdelingar, avdeling Klatrevegen som er ei akuttavdeling, og avdeling Nygardsvegen som er ei behandlingsavdeling. Vi har ungdomar i aldersgruppa 12-18 år. Målgruppa er ungdom som er plassert etter barnevernloven §§ 4-4, 6-1 og 6-2. I Bufetat arbeider vi med å utvikle det statlege barneverns- og familievernstilbodet for framtida, med bakgrunn i barnevernsreforma. Våre tenester skal vere godt koordinerte og kvalitetssikra slik at vi kan ta vare på dei mest utsette barna og ungdomane.

Vi oppmodar menn til å søkje på grunn av fordelinga i teamsamansetjingar.



Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å skape ein trygg omsorgsbase for ungdomane våre, innanfor institusjonen sine rammer og fagmodellar.

Her er nokre av dei faste arbeidsoppgåvene som vi håper vil gje deg ein spennande og variert arbeidskvardag:

  • Ivareta og gje god omsorg til ungdom i akutt krise
  • Inngå som hovudkontakt for ungdomane, og i dette bidra til eit målretta og fagleg godt tilbod
  • Bidra til ein trygg og stabil kvardag for ungdomane våre, blant anna gjennom planlegging og gjennomføring av miljøterapeutiske tiltak og aktivitetar
  • Samarbeid med ulike instansar internt og eksternt, samt med ungdommane sine pårørande
  • Skriftleg dokumentasjon og rapportering
  • Utføre praktiske gjeremål og halde ein grunnstruktur for hushald ved institusjonen

Instistusjonen har særskilte ansvarsområde som dekker skule, helse, famile, nettverk og tryggleik og sikkerheit. Dette er ansvarsområde som kan verte tillagt stillinga.

    Kvalifikasjonar

    Vi ser etter deg som har:

    • Utdanning på bachelornivå med 180 studiepoeng innan barnevern, sosialt arbeid, vernepleie eller pedagogikk. Anna relevant bachelorutdanning med 180 studiepoeng kan vurderast
    • Førarkort klasse B
    • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk

    Det er ein fordel om du i tillegg har:

    • Erfaring frå barnevernsarbeid eller tilsvarande
    • Erfaring frå arbeid med ungdom i krise
    • Kompetanse på traumesensitiv tilnærming er ein fordel. Den som vert tilsett må kunne tileigne seg, samt jobbe etter prinsippa for traumesensitiv tilnærming
    • Kjennskap til barnevernlova
    • God IKT kompetanse, som til dømes tekstbehandling, dokumentering og journalføring

    Andre søkjarar med relevant erfaring og kompetanse fra barnevernsinstitusjon eller liknande kan verte vurdert.

    Personlege eigenskapar

    På Sunnmørsheimen ser vi etter ein ny kollega med eit stort hjarte for ungdomane våre, med ei sterk evne til å vise kjærleik og har eit varmt blikk. Vi arbeidar med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når andre har det vanskeleg. Det er viktig at du har ei god fysisk og psykisk helse, då arbeidet med målgruppa er krevjande. Vi har stort fokus på samarbeid med dei som bur hjå oss.

    Vi ser etter deg som:

    • Er opptatt av å byggje relasjonar, også i møte med avvisning og motstand
    • Er ein trygg og tydeleg vaksen på tvers av ulike situasjoner, som ikkje er redd for å setje grenser
    • Gjennomfører risikovurderingar og iverksett målretta tiltak etter behov
    • Liker å ta del i rettleiing og reflektere rundt praksis, både sjølvstendig og saman med andre
    • Ser verdien av å gjennomføre dokumentasjonsarbeid i tråd med rutinar og krav

    Personlege eigenskapar og teamsamansetjing vil verte avgjerande for kven som tilsetjast.

    Vi tilbyr

    • Stillingene er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog og 1508 vernepleier, med lønn p.t. kr 466 600 - 604 900 pr. år (ltr. 45-62), eller 1185 spesialutdannet sosionom, 1509 spesialutdannet vernepleier, 1510 spesialutdannet barnevernspedagog eller 1534 spesialutdannet miljøterapeut, med lønn p.t. kr 532 200 - 615 700 pr. år (ltr. 54-63). Avlønning og stillingskode vurderes etter utdanning og erfaring
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring

    I tillegg kan vi tilby ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag med høgt fagleg fokus, løypande opplæring og støtte i sikkerheitstrening og aktuelt lovverk, og ein personalgruppe med et høgt engasjement.

    Hjå oss vil du også få:

    • Vere med på skape ein forskjell for ungdom som trenger det aller mest
    • Ein arbeidskvardag med varierte og spennende oppgåver og utfordringar
    • Positive og engasjerte kollegaer med brei fagkunnskap og lang erfaring frå barnevernfeltet

    Opplysningar til deg som søker:

    • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk
    • Stillinga er for tida lagt til Sunnmørsheimen akuttinstitusjon
    • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden
    • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge

    Søknad, CV, vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit sendes elektronisk via link på denne siden.

    Vi ber om at de vert oppgitt minimum to referanser som er fagleg relevant og av nyare dato.

    Kontaktinformasjon

    Tobias Vassbotn Evebø, Avdelingsleiar, 46 61 76 56

    Stian Bjerkvik, Einingsleiar , 97 77 18 18

    Arbeidssted

    Klatrevegen 2

    6104 Volda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Bufetat



    Referansenr.: 4833093532

    Stillingsprosent: 100, 90%

    Fast

    Søknadsfrist: 18.08.2024


    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    3
    Sted
    Klatrevegen 2, 6104 Volda
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Barnevernspedagog, Helsepersonell
    FINN-kode
    363085620
    Sist endret
    29. juli 2024 06:00