Inaktiv

Avdelingsleiar kommunalt arkiv

Arbeidsgiver
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal
Stillingstittel
Avdelingsleiar kommunalt arkiv (2. gangs utlysing)
Frist
30.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vi ser etter ein trygg og tydeleg mellomleiar med god arkivfagleg kompetanse som har lyst å tre inn i rolla som avdelingsleiar i ei nyoppretta stilling. Avdeling kommunalt arkiv består av 3 faggrupper med 17 medarbeidarar som arbeider med drift og forvaltning av arkiv gjennom rådgiving, ordning og digitisering av arkiv for eigarane og eksterne kundar.

Avdelingsleiaren skal ha delegert personalansvar for medarbeidarane, budsjettansvar for avdelinga, samt fagansvaret i/for dei tre faggruppene. Dette for å sikre god kvalitet på tenestene våre, god flyt og eit godt samarbeidsklima. Avdelingsleiar vil rapportere til dagleg leiar og vere ein del av leiargruppa.

Etter ei omorganisering med verknad frå 01.05.2024 blei det innført eit nytt leiarnivå i organisasjonen med to nye avdelingsleiarar. I tida framover vil vi fortsette med å utvikle og formalisere arbeidet i organisasjonen. I tillegg til dette er vi godt i gang med eit forprosjekt for nytt bygg. Alt dette medfører nye og spennande oppgåver som vi håper du vil vere med å leie.


Arbeidsoppgåvene
  • Dagleg ansvar for avdelinga
  • Fag-, personal- og økonomiansvar
  • Leie og kvalitetssikre drifta og det arkivfaglege arbeidet
  • Leie, motivere og følge opp tilsette
  • Bistå i utviklinga av team med fokus på tverrfagleg samarbeid og samhandling
  • Delta i leiargruppa

Kvalifikasjonar:

Vi søkjer deg som har:

  • høgare utdanning innan relevante fagområde for stillinga, til dømes innan arkivfag og leiing. Fortrinnsvis 4-5 års universitet/høgskuleutdanning. Solid og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring innan arkiv- og dokumentasjonsforvaltning.
  • god evne til å formidle og kommunisere på norsk, både skriftleg og munnleg.
  • god digital forståing og som er ein erfaren IT-brukar.

I tillegg er det ønskeleg at du også har:

  • leiarutdanning og leiarerfaring.
  • leiarerfaring med personalansvar.

Personlege eigenskapar:
  • Vi søker ein trygg og tydeleg leiar med høg integritet, som er strategisk, utviklingsorientert og har evne til å prioritere. Din leiarprofil er både relasjonssterk og inkluderande der du bidrar med humør og positivitet inn i arbeidsmiljøet. Vi ønsker at du er ryddig og strukturert, og toler å stå i omskiftande og krevjande problemstillingar.


Vi tilbyr:
  • Fast stilling som avdelingsleiar
  • Arbeid med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
  • Pensjonsordning i KLP
  • Fleksitidsordning
  • Lønn etter avtale

Spørsmål om stillinga?

For nærmare opplysningar eller spørsmål om stillinga, kan du kontakte dagleg leiar, Jesper Sode Hansen på tlf: 920 28 104.


Video om IKAMR

Her får du ein liten smakebit av arbeidet vårt i IKAMR!


Sektor
Offentlig
Sted
Kirkegata 10B, 6004 Ålesund
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Ledelse, Annet
FINN-kode
363134485
Sist endret
07. aug. 2024 10:30