Trainee - Berekraft

Arbeidsgiver
Tussa
Stillingstittel
Trainee - Berekraft
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Trainee

Beskrivelse

Tussa Kraft

Tussa Kraft vart stifta i 1949 og har sidan då vore kraftprodusent og -leverandør på søre Sunnmøre. Selskapet har vore med i den store utviklinga i regionen, både med omsyn til industrialisering generelt, og i kraftforsyninga spesielt, og i dag er Tussa Kraft morselskapet i konsernet.

Tussa Kraft yter tenester innan økonomi, finans, innkjøp, dokumenthandtering, kommunikasjon, løn og HR til dotterselskapa. Selskapet har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta.


Om stillinga

Tussa er stolte av å ta eit medvite samfunnsansvar. Vi gir eit positivt miljøbidrag på fleire område; vi produserer fornybar energi, vi leverer samhandlingsløysingar (IKT) som gjer transportbehovet mindre og vi leverer energieffektive installasjonsløysingar. Men Tussa erkjenner også at vi må gjere endå meir for at samfunnet skal lukkast med det grøne skiftet. Vi tek nye steg og har ekstra fokus på berekraftsarbeidet i konsernet.

Vi ønskjer ein strukturert og engasjert person som kan ta del i arbeidet med å møte berekraftsutfordringane på ein best mogleg måte. Du må vere initiativrik og oppteken av berekraft og du må ha tru på visjonen vår om at vi har KRAFT til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar.

Dette er ei spennande traineestilling for deg som brenn for berekraft. Du vil spele ei viktig rolle som støttespelar og ressurs for heile konsernet. Stillinga ha oppmøtestad i Ørsta.

Viktige arbeidsoppgåver vil vere:

  • Medverke til å utvikle og implementere Tussa sin berekraftstrategi
  • Kontroll med, og oversikt over, Tussa sine miljømål
  • Ta del i berekraftarbeidet i konsernet og styrke gjennomføringsevna vår gjennom opplæring, rettleiing og støtte
  • Arbeide tett saman med berekraftsansvarleg og konsernet sine selskap for å integrere berekraft i heile verksemda
  • Søkje innsikt og halde deg fagleg oppdatert om relevante trendar og regelkrav
  • Ta del i konsernet sitt arbeid med openheitslova
  • Ta del i konsernet sitt arbeid som ISO-sertifisert etter 14001-standarden
  • Andre administrative og praktiske oppgaver i Tussa Kraft

Kvalifikasjonar:

  • 3 til 5 års relevant høgare utdanning
  • Gode norsk og engelskkunnskapar; både skriftleg og munnleg. Tussa har nynorsk som forretningsspråk.
  • Evne til å samarbeide effektivt med ulike avdelingar og interessentar

Personlege eigenskapar vil verte vektlagte


Vi tilbyr
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid selskap med høg aktivitet
  • Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Gode velferds -, pensjons - og forsikringsordningar

Sektor
Privat
Sted
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Ingeniør, Prosjektledelse
FINN-kode
363275159
Sist endret
30. juli 2024 09:06