Vernepleiar 100% fast stilling, Miljø og velferd

Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Stillingstittel
Vernepleiar 100% fast stilling, Miljø og velferd
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig 100% fast stilling for vernepleiar i Eining for miljø- og velferdstenester frå 01.09.24. Stillinga er knytt til heimetenesta for utviklingshemma, med turnusarbeid og helgearbeid.

Heimetenesta har fleire avdelingar, kva avdeling ein blir tilsett i vert avgjort seinare. Arbeidet skjer i brukar sin heim med daglege gjeremål og utviklingsarbeid. Brukarane er personar med ulik grad av psykisk utviklingshemming.



Arbeidsoppgåver

  • Brukaroppfølging i form av tilrettelegging og utføring av miljøterapi
  • Tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
  • Utarbeide og følgje opp tiltaksplanar og prosedyre
  • Kontakt og samarbeid med pårørande og nettverk
  • Rettleie medarbeidarar til å yte godt miljøarbeid og utvikle seg fagleg
  • Samarbeid med spesialhelsetenesta, fastlege og primærhelsetenesta
  • Kvardagshabilitering

Kvalifikasjonar

  • Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Gode datakunnskapar
  • God kunnskap i norsk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Ha interesse for å arbeide miljøterapeutisk, gjerne med relevant tilleggsutdanning
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt
  • Evne til å arbeide i team så vel som sjølvstendig
  • Evne til å vise respekt, empati og omsorg

Vi tilbyr

  • Varierande arbeid i positivt miljø
  • Tenester i utvikling
  • Løn etter tariff
  • Tilsetting etter lover og avtaler
  • God pensjonsordning
  • God arbeidstidsplanlegger for turnusarbeid

Kontaktinformasjon

Åshild Heggdal, Einingsleiar, 93446790

Arbeidsstad

Tonningsgata 4

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune



Referansenr.: 4842004014

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.08.2024


Sted
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
363463272
Sist endret
01. aug. 2024 06:03