Inaktiv

Rettleiar i NAV Nordfjord

Arbeidsgiver
Stad kommune
Stillingstittel
Rettleiar
Frist
14.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

NAV Nordfjord søkjer ein engasjert og dyktig rettleiar til avdelinga vår for arbeid og helse. Stillinga er eit 100% vikariat frå 1. oktober 2024 til 31. august 2025.

Som rettleiar vil du ha ei sentral rolle i oppfølginga av sjukmelde og personar på arbeidsavklaringspengar. Du vil også ha tett kontakt med arbeidsgivarar i regionen for å sikre ein god dialog og eit godt samarbeid.

Vi søkjer etter deg som har tru på moglegheiter for den enkelte, og klarer å finne ressursar hos alle menneske. Du er oppteken av å ivareta alle og har eit positivt menneskesyn.

NAV Nordfjord er eit vertskommunesamarbeid mellom kommunane Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn. Vi leverer kommunale og statlege NAV-tenester til innbyggjarane og verksemdene i alle dei 4 kommunane, og har 44 tilsette fordelte på 4 lokasjonar. NAV Nordfjord er ein spennande arbeidsplass med engasjerte medarbeidar. NAV sitt hovudoppdrag er å bidra til at flest mogleg er i arbeid. For å klare dette samarbeider vi tett med arbeidsgivarar, helsepersonell og ulike underleverandørar.

Stillinga har arbeids- og oppmøtestad i Bremanger. Stad kommune er arbeidsgjevar for vertskommunesamarbeidet.



Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp brukarar som er sjukmelde og mottakarar av arbeidsavklaringspengar
  • Tett kontakt med brukarar for å rettleia og motivera på vegen tilbake til arbeid
  • Kartlegge og avklare brukarar si arbeidsevna, ressursar og moglegheiter for arbeid
  • Skape dialog og samhandling med arbeidsgivarar, fastlege og andre samarbeidspartar for å hjelpe tilbake til arbeid

Kvalifikasjonar

Krav

  • Relevant 3-årig utdanning på høgskulenivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode digitale ferdigheiter og interesser for å ta i bruk nye IT verktøy
  • Engasjement for å hjelpe menneske tilbake i arbeid

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå rettleiing og oppfølging av menneske i vanskelege livssituasjonar
  • Erfaring frå arbeid i NAV
  • Kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen

Personlege eigenskapar

  • Du liker å jobbe med menneske og har eit genuint ønske om å hjelpe andre
  • Du er ein pådrivar for at folk skal kome tilbake i arbeid
  • Du trivst med å jobba både sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk etter ansiennitet

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Vi ber om referansar av nyare dato. Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Vis er fram til å få søknaden din!

Kontaktinformasjon

Kari Tonning, Avdelingsleiar Arbeid og Helse, 452 33 070, kari.tonning@nav.no

Monica Osvold, Regionleiar NAV Nordfjord, 900 95 171, monica.osvold@nav.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4841913481

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.10.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 14.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Rådgivning, HR, personal og rekruttering, Konsulent
FINN-kode
363464767
Sist endret
01. aug. 2024 06:07