Assistent til fast helgestilling

Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Tidlig psykose San
Stillingstittel
Assistent til fast helgestilling
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Seksjon Tidleg psykose Sandviken (TPS), avdeling for spesialisert psykose er ein lukka utredningspost for unge nysjuke, lokalisert til Sandviken sjukehus. TPS skal gi tilbod om utgreiing og start av behandling i døgnavdeling. Seksjon TPS starta 01.01.2012 og flytta inn i nytt bygg juni same året. TPS skal gi tilbod til unge menneske i alderen 15-30 år. TPS gjer tilbod til unge nysjuke med både rusproblem og dei utan. Desse to pasientgruppene er delt inn i to fysisk åtskilde område/grupper.

Det blir lagt vekt på psykoedukativt familiearbeid, samarbeid med andre instansar, fysisk aktivitet og å legge til rette for forsking. TPS har 15 (7 + 8) sengeplassar. Sjukepleiar/vernepleiar og helsefagarbeidar/hjelpepleiar inngår i tverrfagleg team, saman med psykiater, psykologspesialist/psykolog og sosionom. Treningsterapeut bidrar til å legge til rette for fysisk aktivitet. Vi har også erfaringskonsulent.

Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.

Tidleg psykose har ledig 1 helgestilling: 1 x 20% med arbeid pt kvar 3. helg.



Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging som inneber oppfølging av miljøterapeutiske tiltak, og fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
  • Tverrfagleg teamarbeid
  • Observere og dokumentere
  • Ein-til-ein kontakt og støttesamtalar
  • Praktisk arbeid

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter assistentar som er under utdanning innan helseretta arbeid eller er utdanna innan helse
  • Ønskeleg med interesse for og eventuelt erfaring med unge menneske med psykose/schizofreni og eventuelt rusmisbruk
  • Helsepersonell med pasientkontakt (inkludert dokumentasjonsplikt) må meistre norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)

Personlege eigenskapar

  • Du må vere pasientorientert og ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Du må vere ansvarsbevisst, sjølvstendig, løysingsorientert og målretta
  • Vi ønsker engasjerte og fleksible medarbeidarar med godt humør som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Samarbeidsvillig og serivceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
  • Lojal, roleg og tolmodig
  • Må vere personleg eigna til arbeidet

Vi tilbyr deg

  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Kjersti Valestrand Bjørnstad, Seksjonsleiar, 55958612

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4841716342

Stillingsprosent: 20%

Fast

Startdato: 01.09.2024

Søknadsfrist: 14.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
363469636
Sist endret
01. aug. 2024 06:09