Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, team arbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen!

Me har ledige sjukepleiestillingar på Balestrand helsetun med vakter også knytt til legevaktssatellitten.

Om stillingane

  • Sjukepleiar 100% fast stilling ledig frå d.d.
  • Sjukepleiar 100% fast stilling i tredelt turnus frå. 01.11.24

For alle stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då lengre helgeintervall.

Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Vi har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs.

Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen.

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar i institusjon.
  • Oppgåver i tilknyting til legevaktssatellitten
  • Heilskapleg pleie og omsorg
  • Rettleiar for studentar/lærlingar og andre
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet
  • Medansvarlig for eit godt læringsmiljø
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

Sentrale ansvarsområde:

  • Pasientflyt
  • Pasientjournalsystem - LMP
  • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
  • Medikamenthandtering
  • Legevisittar
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi
  • Førarkort

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Lønn etter tariff
  • Tilrettelagt årsturnus
  • Moglegheit for langvakter med lengre helgeintervall.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan søknadsfristen 18.august og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
6899 Balestrand
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
363555555
Sist endret
01. aug. 2024 06:23