Tilkallingsvikar

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Frist
01.06.2025
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Me treng fleire tilkallingsvikarar på Leikanger sjukeheim og i heimetenesta på Leikanger. Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert i å jobbe med menneske. Behovet er frå d.d., og det vil bli tilsett fortløpande.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg av heimebuande og til bebuarar på sjukeheim
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Oppfølging av ernæring
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer
  • Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Assistentar, elevar/studentar innan helsefag
  • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Datakunnskap
  • Må vere over 18 år eller fylle 18 år det året du begynner
  • For stilling i heimetenesta: førarkort

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Løn etter tariff

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Kontaktperson for stillingane er :

Tone Bjåen, avdelingsleiar Leikanger sjukeheim, tlf: 90726370, tone.bjaen@sogndal.kommune.no

Anne Brennset Gjerland, avdelingsleiar Leikanger heimeteneste, tlf: : 91812767, anne.brennset.gjerland@sogndal.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Ohnstadhaugen 15, 6863 Leikanger
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
363559746
Sist endret
01. aug. 2024 08:41