Inaktiv

Vi søkjer helsesekretær/sekretær

Arbeidsgiver
Merkantile tjenester somatikk Stord sjukehus
Stillingstittel
Helsesekretær
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Merkantile tjenester søkjer deg som sprer godt humør og er raus både med kollegaer og pasientar!

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer pasientkontakt med kontorfaglege oppgåver.

Med omlag 20 årsverk leverer vi kontorfaglege tenester til sengepostar, poliklinikkar, sentralbord og arkiv. Vi bidreg til kvalitet og tryggleik i pasientforløpa.

Er du klar for ein spennande jobb i eit triveleg miljø? Søk og bli med i vårt team!



Arbeidsoppgåver

  • Svare på henvendingar frå pasientar og pårørande både på telefon og ved fysisk oppmøte
  • Bestillingar, til dømes blodprøvar, tolk og transport
  • Følgje opp vidare pasientforløp
  • Arbeid med timeoppsett, ventelister, fristbrudd og økonomisk oppgjer
  • Anna registreringsarbeid i ulike digitale system som DIPS, Meona
  • Skrive epikrisar
  • Kontroll og etterarbeid
  • Oppgåver på delegasjon og etter behov i avdelinga
  • Medisinsk koding

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer fortrinnsvis deg som er utdanna helsesekretær med autorisasjon/medisinsk sekretær
  • Erfaring med DIPS, og andre digitale system er ein fordel, opplæring vil bli gitt
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå

Personlige eigenskapar vil verta vektlagt

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har evne til å tenke nytt og at du bidreg aktivt i forbetringsarbeid i avdelinga
  • er løysingsorientert og klarer å halde oversikt og prioritere når dagane vert hektiske
  • arbeidar nøyaktig og systematisk
  • er sjølvstendig, samstundes om du evner å samarbeide på tvers av fag og profesjonar
  • er fleksibel og villig til å lære nye ting.

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemsskap i pensjonsordning KLP
  • Ein trivelig og utviklande arbeidsplass, med humørfylte og rause kollega som ynskjer deg med på laget!
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi dette til kjenne i søknaden

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Eunike Risnes, Funksjonsleiar - Merkantil tenester, +47 45010444

Arbeidsstad

Tysevegen 64

5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4841985952

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 25.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tysevegen 64, 5416 Stord
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær
FINN-kode
363565143
Sist endret
16. aug. 2024 10:11