Tilkallingsvikar barnehagane på Leikanger

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Sogndalsbarnehagen
Frist
01.06.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Barnehagane i Sogndal kommune ønskjer fleire tilkallingsvikarar. 

Her kan du søke som tilkallingsvikar i  barnehagane på Leikanger 2024/25;

  • Nybø barnehage
  • Henjahaugane barnehage

 

Likar du å arbeida med barn, og har høve til å ta på deg arbeid av og til? Då vil me gjerne at du tek kontakt med styrar i barnehagen.

Arbeid i barnehage er variert, interessant, gjevande og du vert kjend med gode og positive barn som lærer kvar dag.

Me kan tilby:

  • Utfordrande, varierande og  interessante arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Erfarne og dyktige kollegaer som vil gje deg god opplæring
  • Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

  Andre opplysningar:

  • Tilsette må levere politiattest
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Kontaktinformasjon:

  • Nybø barnehage: Ingebjørg Breisnes, styrar tlf; 91790652 ingebjorg.breisnes@sogndal.kommune.no
  • Henjahaugane barnehage: Sylvi Aarland, styrar. Tlf 47799347 sylvi.aarland@sogndal.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
363565144
Sist endret
31. okt. 2024 12:17