Sjukepleiar/vernepleiar/ sosionom
- Arbeidsgiver
- Tenesteområde Psykisk helse og rus, Haram kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar/ sosionom
- Frist
- 25.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Psykisk helseteam søker etter dyktig og engasjert sjukepleiar/vernepleiar/sosionom med relevant vidareutdanning til 100 % fast stilling i Haram kommune frå 01.11.24.
Tenesteområde psykisk helse og rus er eit tenesteområde som gir tilbod til personar som har eller er i ferd med å utvikle psykisk helse utfordringar og/eller utfordringar knytt til rus. Tenesta er ein del av kommunalområdet Livsløp som består av fleire tenester som gir ulike tilbod til innbyggarane i kommunen: koordinering og tildeling, helsestasjon, ressurbasen, barnevern, pedagogisk fagsenter, integrering, NAV, samt psykisk helse og rus. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vi har no ledig ein fast 100% stilling innan psykiske helseteam. Målgruppa for psykisk helseteam er personar over 18 år som har behov for oppfølging/behandling for lettare til moderate psykiske vanskar.
Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein oppleve trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er ei ambisiøs kommune med fokus på å gje gode heilskaplege tenester. Vi skal derfor jobbe for å spele kvarandre gode og arbeide fleksibelt på tvers av tenester. Tenesteområdet psykisk helse og rus vil som andre tenesteområder vere under utvikling og som tilsett vil ein få vere med å å bygge ei framtidsretta og god teneste for innbyggarane.
Arbeidsoppgåver
- Behandling av lette til moderate vanskar knytt til psykisk helse
- Samtale på kontor, og evt. heime med brukar
- Evt. delta i anna førebyggande arbeid
- Koordinering av tenester, planarbeid
- Samarbeid med andre instansar og evt. pårørande
- Kollegaveiledning
- Dokumentasjon i journalsystem
- Evt. andre relevante oppgåver
Kvalifikasjonar
- Treårig høgskuleutdanning innan helse eller sosialfag
- Ønskeleg med relevant vidareutdanning innan kognitiv terapi/ psykisk helse
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kjennskap til aktuelt lovverk
- Må vere personleg eigna
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Like å arbeide sjølvstendig og i team
- Kunne arbeide strukturert og målretta
- Er tolmodig, fleksibel og endringsorientert
- Oppteken av fagutvikling og å møte andre med respekt
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling
- Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med fagleg fokus
- Fleksitidsordning
- KLP
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Laila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4836756714
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2024
Søknadsfrist: 25.08.2024
- Sted
- Strandgata 40, 6270 Brattvåg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 363692226
- Sist endret
- 02. aug. 2024 05:22