Psykolog/psykologspesialist

Arbeidsgiver
Tenesteområde Psykisk helse og rus, Haram kommune
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ressursbasen søker etter psykolog/psykologspesialist i 100 % fast stilling, samt ein i vikariat for 1 år.

Ønsker du ei stilling med stort handlingsrom, fleksibilitet og med tett tverrfagleg samhandling med dyktige kollegaer? I ressursbasen har vi ein flott gjeng med ulik kompetanse, derav to stillinger som psykolog. Vi har her ledig ei fast 100 % stilling som psykolog/psykologspesialist, samt vi får ledig også eit vikariat frå 01.10.

Ressursbasen er ei teneste i kommunalområde Livsløp. Hovudoppgåvene våre er foreldrerettleiing, familieterapi og oppfølging av barn og unge i høve psykiske helseutfordringar. Vi er oppteken av å jobbe systemisk og fleksibelt og saman med familien finn vi eigna tilbod med utgangspunkt i dei utfordringane dei står i. Foreldre, ungdom sjølv eller andre som er i kontakt med desse kan kontakte oss.

Som psykolog/psykologspesialist vil ein også bidra inn mot andre tenester i kommunalområdet vårt gjennom helsefremmande og førebyggande arbeid, tidleg intervensjon, samt behandling og oppfølging av psykiske helseproblem og/eller rusproblem. Dette gjeld enkeltindivid, familiar, pårørande, grupper og lokalmiljø. Tenestene i Livsløp er foruten psykisk helse og rus, helsestasjon, barnevernteneste, pedagogisk fagsenter, lege, fysio-/ergoterapitenesta, integrering, NAV og koordinering og tildeling.

Haram kommune er ei ambisiøs kommune der ein har stort fokus på gode heilskaplege tenester der vi spelar kvarandre gode og arbeider på tvers for å finne løysinga saman.



Arbeidsoppgåver

  • Lavterskel kartlegging og behandling til barn, ungdom og deira familiar
  • Psykisk helsetenester til vaksne
  • Tverrfagleg arbeid på individ- og systemnivå
  • Bidra i arbeid med intern fag- og kompetanseutvikling
  • Utadretta helsefremmande arbeid med rettleiing, undervisning og kurs
  • Andre oppgåver kan leggast til stillinga med utgangspunkt i kommunen sine behov

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjenning/ autorisasjon som psykolog/psykologspesialist
  • Erfaring frå kommunal helseteneste eller spesialisthelseteneste er ønskeleg
  • Erfaring frå klinsik arbeid innan psykisk helse/rus er ønskeleg
  • Erfaring frå arbeid med tidleg intervensjon og tverrfagleg samhandling er ønskeleg
  • Gyldig politiattest og førarkort
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt

Personlege eigenskapar

  • Vere fleksibel, samtidig ha evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • Interesse og forståing for lagspel og tverrfagleg samhandling
  • God arbeidskapasitet
  • Møte faglege utfordringar med ei løysingsorientert innstilling
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ei spanande stilling med mulighet for å bidra til å vidareutvikle tenestetilbodet i ei ny kommune
  • Kompetente kollegaer i eit aktivit og engasjerande arbeidsmiljø
  • Mulighet for personleg og fagleg utvikling
  • Mulighet for å delta i eit psykolog-nettverk
  • Evt. tilrettelegging for gjennomføring av spesialistgodkjenning
  • Fleksitidsordning
  • Konkurransedyktig løn
  • Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP

Kontaktinformasjon

Laila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4836743110

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Startdato: 01.10.2024

Søknadsfrist: 25.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
363692228
Sist endret
02. aug. 2024 05:07