Søkjer Anleggsmaskinførar - Dumper

Arbeidsgiver
Volda Maskin AS
Stillingstittel
Anleggsmaskinfører
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter ein dyktig dumpersjåfør med erfaring frå anleggsbransjen. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men også ha evne til å arbeide og kommunisere godt med andre. Du må vere rutinert og lærevillig, for å oppfylle stadig strengare krav til dokumentasjon på utført arbeid. Vi ser etter deg som har auge for gode løysningar og som arbeider strukturert og effektivt, samt har høgt fokus på HMS og kvalitet.


Dine kvalifikasjonar:



  • Fleksibel i forhold til arbeidsplass og arbeidstid. Behovet per i dag er på anlegg i Ålesund, der det vert lagt opp til arbeidstidsordning og innkvartering på boligrigg.



  • Fagbrev innanfor relevant fagområde. Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt og kan erstatte formell kompetanse.



  • Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.



  • Maskinførarbevis M6 er krav, gjerne også M2 og M4.



  • Arbeidsvarsling 1.



  • Førarkort klasse B og BE.



Vi kan tilby:



  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.



  • Moglegheit for fagleg utvikling.



  • Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.



  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.



  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.


Sektor
Privat
Sted
Furene 42, 6105 Volda
Stillingsfunksjon
Maskinfører og -operatør, Transport og sjåfør, Annet
FINN-kode
363731448
Sist endret
02. aug. 2024 10:00