Tresfjord barnehage
- Arbeidsgiver
- Vestnes kommune Tresfjord barnehage
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar
- Frist
- 25.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Stillingstype
Det er ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar ved Tresfjord barnehage. Stillinga er ledig frå 01.09.2024
Arbeidsoppgåver
- ansvar for den daglege drifta og det pedagogiske tilbodet ved avdelinga
- ansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og pedagogisk dokumentasjon
- ansvar for dagleg leiing, rettleiing, rådgjeving av øvrig personale på avdelinga
- ansvar for introduksjon av nytt personal i avdelinga
- foreldresamarbeid
- inngår i leiargruppa til einingsleiar ved barnehagen
- i samråd med einingsleiar planlegge og gjennomføre møte og studiedagar
- ansvar for å utarbeide og gjennomføre årsplan i samråd med einingsleiar
- ansvar for at mål og visjonar for drifta av barnehagen vert fylgd
- ansvar for at barnehagen fylgjer gjeldande avtalar, lovverk og vedtekter
Kvalifikasjonar
- bachelor barnehagelærar
- anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- ønskjeleg med leiarutdanning/erfaring
- gode datakunnskapar
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- er aktiv, engasjert og opptatt av faget
- har evne til å motivere, engasjere og rettleie det øvrige personale
- har godt humør, evne og vilje til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
- er løysningsorientert
- er fleksibel
- har evne til å sjå og anerkjenne barn
- er eit godt språkleg førebilde
- bidreg til god dialog med barn, føresette, tilsette og er ein positiv rollemodell
- har gode samarbeidsevner og vil bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- kan jobbe i team, men og sjølvstendig
- har gode leiareigenskapar
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- ein barnehagesektor med fokus på utvikling
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Skulebakken 1, 6391 Tresfjord
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
- FINN-kode
- 363758598
- Sist endret
- 05. aug. 2024 06:10