Prosjektleder bygg

Arbeidsgiver
Lom Kommune
Stillingstittel
Prosjektleder bygg
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Prosjektleder bygg 100% fast stilling

Lom kommune er ein attraktiv plass å bu i for alle som er glade i friluftsliv. Dei fleste av landet sine 2000m-toppar ligg i Lom, og meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark ligg i kommunen. Eit kompakt sentrum med mange serveringstilbod, deriblant det landskjente Bakeriet, skapar eit spennande landsbypreg.


Som fylgje av den demografiske utviklinga må Lom kommune skape nye løysingar og vidareutvikle tenestetilboda. Dei neste åra skal kommunen gjennomføre omfattande byggeprosjekt og vi søkjer etter ein prosjektleiar i 100 % fast stilling som vil få ansvaret for gjennomføring av store og små byggeprosjekt.


Som prosjektleiar vil du vere ein sentral og tydeleg person som bidreg til at Lom kommune får framtidsretta bygg. Stillinga er underlagt tenesteleiar for kommunal eigedom, og vil jobbe tett saman brukar av bygg og kommunen sin driftsavdeling for å skape gode løysningar.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjekt innanfor bygg, eigedom og anlegg



  • Leggje til rette for god brukarinvolvering



  • Byggherre sin representant i prosjekteringsfasen, byggefasen og overtakingsfasen



  • Offentlege anskaffingar og kontraktsinngåing



  • Kvalitets- og framdriftsstyring



  • Økonomikontroll og rapportering



  • Saksbehandling og utgreiing til folkevalde organ



Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innan bygg og anlegg. Omfattande relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav



  • Variert og lang erfaring og kompetanse innan prosjektleiing og byggeleiing



  • Gode samarbeidsevner



  • Resultatorientert, offensiv og inkluderande



  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg



  • Vi vil legge stor vekt på personleg eignaheit



Vi kan tilby løn etter avtale og ei utfordrande prosjektleiarstilling i ein kommune med visjonar for framtida.



Administrasjonsspråket i Lom er nynorsk.


For nærare opplysningar, ta kontakt med tenesteleiar kommunal eigedom:

Erik Lindseth, tlf. 470 24 500 / erik.lindseth@lom.kommune.no


Søknad skal sendast som elektronisk søknad på www.lom.kommune.no seinast 25. august 2024




Lom kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.


Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Sektor
Offentlig
Sted
Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse, Ledelse, Ingeniør
FINN-kode
364179132
Sist endret
05. aug. 2024 04:00