Kantor i Ørskog og Skodje sokn 100%

Arbeidsgiver
Ålesund kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Kantor i Ørskog og Skodje sokn 100%
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig 100 % fast stilling som kantor i Ålesund kyrkjelege fellesråd.
Vil du jobbe som kantor i Ørskog og Skodje? Desse to sokna høyrer til i indre (austre) del av Ålesund, med kort avstand til Moa og Ålesund sentrum (20-30 min), og ein drøy time frå Molde (inkl. ferje).
Bygdene Ørskog og Skodje har vakker natur med gode forhold for friluftsliv, både sommar og vinter. I begge kyrkjelydane vert det gjennomført mange fine trusopplæringstiltak og det er høg deltaking ved konfirmasjon. I 2023 var det 70 konfirmantar i Skodje og 28 i Ørskog. Kyrkjelydane ønskjer å styrke satsinga overfor barnefamiliar, barn og unge.
Ørskog sokn har ca 1700 medlemmar. Ørskog kyrkje er ei langskipskyrkje med 600 sitteplassar. Kyrkjelyden har også eit godt og tenleg kyrkjelydshus like ved kyrkja. Skodje sokn har 3800 medlemmar. Kyrkja i Ørskog har eit orgel frå 1985 med 21 stemmer, bygd av Starup og Søn. Skodje kyrkje er ei langskipskyrkje med ytre krossform med om lag 350 sitteplassar. I kyrkja på Skodje er det eit Heinz Willbrand orgel frå 1991. Skodje kyrkjekor er ein viktig del av kulturlivet med konsertar både i Skodje- og Ørskog kyrkje.
Denne delen av Ålesund er eit vekstområde med aukande folketal og fleire barnefamiliar etablerer seg her.
Det er eit felles stabsfellesskap mellom sokna med ein sokneprest i kvart sokn, og ein felles kyrkjelydspedagog, kateket, kyrkjetenar, kantor og dagleg leiar. Kontorstaden for stillinga blir Skodje eller Ørskog.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre gudstenester og andre kyrkjelege handlingar.
  • Inspirere til eit variert og bredt musikalsk utrykk i gudstenester og kyrkjelydane sitt øvrige musikkliv og ha ansvar for gjennomføring av konsertar og andre
  • kulturarrangement i samarbeid med kollegaer, frivillige og sokneråd.
  • Følgje opp kyrkjelydanes kyrkjemusikalske verksemd i tråd med soknerådas planer og prioriteringar.
  • Medverke i skule-kyrkje og institusjonsarbeid.
  • Delta på stabsmøter og andre relevante møter /utval.
  • Tilsyn med kyrkjelydane sine orgel og andre instrument.
  • Kyrkjekor

Kvalifikasjonar

  • Kvalifikasjonskrav i henhold til tenesteordning for kantorar. Anna musikalsk utdanning og erfaring vil også bli vurdert.
  • Krav om allsidige orgel- og pianoferdighetar.
  • Søkjer må beherske fleire musikksjangere, være komfortabel me samspel og ha kunnskap og erfaring i korledelse.
  • God kjennskap til norsk gudstenestetradisjon og liturgi.
  • Evne til å gjennomføre prosjekter.
  • Søker må beherske norsk eller skandinavisk språk, munnleg og skrifteleg.

Personlege eigenskapar

Kontaktskapande og samarbeidsvillig, evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
Interessert i, og open for musikalsk mangold og tverrfagleg arbeid.
Initiativrik, engasjert og inspirerande.

Anna

Søker må være medlem av Den norske kyrkja.
For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Den som får tilbod om stillinga, må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20

Vi tilbyr

For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen.

Sokna Ørskog og Skodje blir hovudarbeidsplass, men den som blir tilset vil også få nokre arbeidsoppgåver i andre sokn, begavelsar og andre seremoniar.


Søknadsfrist: 1. september 2024
Tiltreding etter avtale
Kontakt:
Avdelingsleiar kyrkjelyd Hans Roar Aas 943 23 279

Arbeidssted

Langelandsvegen 17

6010 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Ålesund kyrkjelege fellesråd



Referansenr.: 4843160154

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
364189927
Sist endret
05. aug. 2024 07:05