Inaktiv

Lærar innan Helse- og oppvekstfag

Arbeidsgiver
ODD - ODDA VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar innan helse og oppvekstfag
Frist
19.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.

Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 200 elevar og 50 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.

Skulen har ledig vikariat som lærar i helse- og oppvekstfag (ca. 50%) skuleåret 2024-25.



Arbeidsoppgåver

Undervisning i helse- og oppvekstfag, vg1 og vg2.

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning

Undervisningsrøynsle frå vidaregåande skule

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:
- er god på å byggje relasjonar
- er strukturert og sjølvstendig
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, har god digital kompetanse - er fleksibel og løysingsorientert.

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk

Kontaktinformasjon

Geir Veland, rektor , 97143273

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4841290137

Stillingsprosent: 50%

Vikar

Søknadsfrist: 19.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5750 Odda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
364251207
Sist endret
06. aug. 2024 06:30