Inaktiv

Badevert i Bømlo symjehall

Arbeidsgiver
Bømlo symjehall, Bømlo kommune
Stillingstittel
Badevert i Bømlo symjehall
Frist
16.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bømlo symjehall har ledig deltidsstilling i 20% frå snarast. Arbeidstida vil vera kveld og helg. Me har i dag overvekt av mannlege badevertar, og søkjer i denne omgang etter ny kvinneleg kollega.
Me ser etter deg som er trygg i vatn, servicevennleg og trivas med allsidige oppgåver.

Bømlo symjehall stod klar i 2018 og er Sunnhordlands mest moderne og flottaste symjehall. Her er 25 m basseng med hoppe/stupetårn, samt opplæringsbasseng. Det er stor aktivitet i Bømlo symjehall med skulebading på dagtid og offentleg bading på ettermiddagstid, i helgar og i feriar. Hovudoppgåva vår er å sørgja for tryggleik for dei badande, men også å leggja til rette for at besøkjande får eit triveleg opphald i ein rein og fin symjehall med serviceinnstilte og hyggelege badevertar.

Då arbeidsområdet vårt også inkludera garderobane treng me ein jamn fordeling mellom menn og kvinner i teamet. Dette er og grunnen til at me nok søkjer ein kvinnelig kollega.

Arbeidsoppgåver

  • Sørge for tryggleik for dei badande
  • Service og kundebehandling
  • Reinhald og enklare vedlikehald

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer etter ein lagspelar med god relasjonskompetanse og godt humør
  • Du er ein som tek ansvar og kan jobba sjølvstendig
  • Du er tydeleg på ein høfleg og venleg måte, og kan ta beslutningar
  • Du har evne til å være fleksibel og løysingsorientert

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Du må vera fylt 18 år
  • Du må føle deg trygg i vatn og gjennomføre kompetanseprøve i samband med livredning i vatn, der du mellom anna må dykke ned til 4 m
  • Ingen krav til formell kompetanse
  • interesse for eller erfaring med å vera instruktør er ønskjeleg då me har behov for instruktør bl.a til Aqua Gym, men det er ingen krav

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben

Andre opplysingar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Elin Steinsbø.

Kontaktinformasjon

Elin Steinsbø, Verksemdsleiar, 952 48 744, elin.steinsbo@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Idrettsvegen 89

5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune



Referansenr.: 4843287639

Stillingsprosent: 20%

Fast

Søknadsfrist: 16.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Idrettsvegen 89, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Annet, Renhold, Kundeservice
FINN-kode
364251763
Sist endret
06. aug. 2024 07:21