Inaktiv

Fagarbeider

Arbeidsgiver
Nome og Midt-Telemark IKT
Stillingstittel
Fagarbeider
Frist
26.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Nome og Midt-Telemark IKT er eit interkommunal samarbeid mellom Midt-Telemark og Nome kommune, med Midt-Telemark kommune som vertskommune.
IKT avdelinga er eit oppgåvefellesskap og rapporterer til styret sitt. Nome og Midt-Telemark IKT held til i eigne lokalar i Bø sentrum og driftar data systema for dei to
kommunane Nome og Midt-Telemark. Avdelinga har eit godt arbeidsmiljø i ein spennande verksemd. Avdelinga er delt i to Team, der me no ser etter deg som kan tenkje deg å jobba med service og support oppgåver i kommune sektoren.

Avdelinga har for tida 12 tilsetja, ein av desse er lærling.

Plattforma er bygd opp rundt VMWare, Microsoft serverar, Cisco og HP Switcher og Checkpoint brannmurar. Fleire av tenestene våre er flytta til sky, men me gjer dette etter grundige ROŠ - analysar. Våre kommunar nyttar Office 365 (Teams/Onedrive/Sharepoint/Exchange).

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene går i hovudsak ut på å supporterar brukarar med alle type IT spørsmål dei måtta ha.
Dette kan vera:

  • Feilsøking og installasjon av godkjent programvare
  • Løyse problem for, og rettleie, brukarar på ein rask, effektiv og serviceorientert måte
  • Installasjon/tilkopling av nytt IT-utstyr
  • Koordinere bestilling av IKT-utstyr, administrere reservedelar og utføre vedlikehald.
  • Administrasjon av brukarar og grupper
  • Overvaking av kritiske system og infrastruktur
  • Supporten blir utøvd normalt remote over telefon eller ved saker innmeldt i vårt IT support system. Av og til blir oppgåvene løyste òg ute hos kunde.
  • Ein viktig del av jobben er å delta i vår felles servicedesk, og følgja opp og løysa saker fortløpande. Bidraget ditt til kunnskapsbygging gjennom dokumentasjon vil vera svært viktig.
  • Vidareutvikling og forbetring av prosesser, dokumentasjon og rutiner
  • Vi jobbar ofte med oppgåver knytte til: Ad, AzureAD, Microsoft 365, MFA, Intune, PC generelt, mobil, iPad og møteromsutsyr.

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • IT utdanning, minimum fagarbeider
  • Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet

Ønska kompetanse

  • Me ser etter deg som har erfaring og IT forståing av korleis maskinvare og programvare fungerer.
  • Kunnskap og erfaring med teknologien nemnt under arbeidsoppgåver vil vektleggjast.
  • Du må meistra norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Last opp vitnemål og attestar under vedlegg til søknaden.

Særskilde krav

  • Ønskelig med førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Du er nysgjerrig på å finna løysingar på problem, og har god orden og struktur i arbeidet
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevne
  • God munnleg og skriftleg førestellingsevne på norsk og engelsk
  • Serviceinnstilt, fleksibel og løysningsorientert
  • Evne til å ta initiativ, får ting til å skje og ta ansvar
  • Du er ein lagspelar som stiller opp for andre og tek i eit ekstra tak
  • Vi set òg pris på humor og godt humør i kvardagen.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Øyvind Erikstein, Einingsleiar, +47 95177692

Arbeidsstad

Bøgata 65

3800 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune



Referansenr.: 4839939770

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.09.2024

Søknadsfrist: 26.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Bøgata 65, 3800 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations, IT drift og vedlikehold / IT-support
FINN-kode
364342621
Sist endret
06. aug. 2024 05:40