Førde omsorgssenter søker etter nye medarbeidarar
- Arbeidsgiver
- Sunnfjord kommune Førde omsorgssenter
- Stillingstittel
- Sjukepleiarar
- Frist
- 31.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Omsorgssenteret har totalt 74 bebuarar fordelt på 3 avdelingar; skjerma, korttid og langtid. Ved langtidsavdelinga er vi om lag 50 tilsette som er opptatt av å gje eit godt helsetilbod og gjere dagen god for våre 28 bebuarar og for kvarandre. Som kollega hos oss bidreg du til å halde høg fagleg kvalitet på tenestene og jobbar aktivt for å gje omsorg til heile menneske gjennom godt samarbeid med kollegaer, pårørande, med dei andre einingane og samarbeidande tenester.
Vi har ledig:- 100 % faste stillingar som sjukepleiar frå snarast. I hovudsak 2-delt turnus med arbeid 3. kvar helg.
Vi kan tilby ein spennande, trygg og inkluderande arbeidskvardag der tillit, kvalitet og utvikling er viktige fokusområder, og kollegaer som er engasjerte i sitt arbeid.
Kven er du?- du er glad i menneske
- å yte god service og dele kunnskap og erfaring ligg naturleg for deg
- du er nysgjerrig og ser løysingar
- du er engasjert, lærevillig og positiv til utvikling
- du er påliteleg og bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Vi tilbyr eit rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20 000 i 100 % stilling for sjukepleiarar. I tillegg tilbyr vi ekstra kompensasjon for å rettleie sjukepleiarstudentar.
Håpar dette verkar interessant, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Langebruvegen 32, 6800 Førde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 364361941
- Sist endret
- 06. aug. 2024 07:41