Førde omsorgssenter søker etter nye medarbeidarar

Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune Førde omsorgssenter
Stillingstittel
Helsefagarbeidarar
Frist
31.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med å forme framtidas eldreomsorg, og er oppteken av heilskapleg omsorg? Då ønsker vi å få deg som kollega ved Førde omsorgssenter!

Omsorgssenteret har totalt 74 bebuarar fordelt på 3 avdelingar; skjerma, korttid og langtid. Ved langtidsavdelinga er vi om lag 50 tilsette som er opptatt av å gje eit godt helsetilbod og gjere dagen god for våre 28 bebuarar og for kvarandre. Som kollega hos oss bidreg du til å halde høg fagleg kvalitet på tenestene og jobbar aktivt for å gje omsorg til heile menneske gjennom godt samarbeid med kollegaer, pårørande, med dei andre einingane og samarbeidande tenester.

Vi har ledig:
  • 100 % fast stilling som helsefagarbeidar
  • 100 % vikariat som helsefagarbeidar, frå august og i eitt år

Stillingane er i hovudsak 2-delt turnus med arbeid 3. kvar helg.

Vi kan tilby ein spennande, trygg og inkluderande arbeidskvardag der tillit, kvalitet og utvikling er viktige fokusområder, og kollegaer som er engasjerte i sitt arbeid.

Kven er du?
  • du er glad i menneske
  • å yte god service og dele kunnskap og erfaring ligg naturleg for deg
  • du er nysgjerrig og ser løysingar
  • du er engasjert, lærevillig og positiv til utvikling
  • du er påliteleg og bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.

Vi tilbyr eit rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 7 000 i 100 % stilling for sjukepleiarar.

Håpar dette verkar interessant, vi ser fram til å høyre frå deg!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Langebruvegen 32, 6800 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
364363547
Sist endret
06. aug. 2024 08:04