Ynskjer du å jobba med barn i eit godt arbeidsmiljø?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Skjold barnehage
Stillingstittel
Ringevikar
Frist
31.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søker:

Ringevikarar til Skjold barnehage.
Tiltreding snarast. Søknadar vert vurdert fortløpande.

Hovudarbeidsoppgåver:

Me i Skjold barnehage har behov for deg som kan og har lyst å vera ringevikar på kort varsel. Kanskje er du ein ungdom som har eit friår og ynskjer å arbeida med barn? Eller er du heimeverande av andre årsaker og kunne tenke deg å jobbe med barn og unge i eit trivelig og godt miljø? Det vil vera arbeid på ulike avdelingar både på småbarn og storbarn.

Kvalifikasjonar:

  • Det kreves politiattest ved alle tilsetjingar.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.
  • Du må ha lyst og interesse for å arbeide med barn.

Personlege eigenskapar:

  • Personlege egenskaper vert vektlagt.
  • Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
  • Må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
  • Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kolleger.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

  • Skjold barnehage er 8-avdelings barnehage.
  • Den ligg på Vikaneset, nær sjø og skog.
  • Me har eit aktivt og engasjert personale.
  • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette.

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Vikanesvegen 18, 5574 Skjold
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
364371703
Sist endret
06. aug. 2024 10:49