Kulturhusmedarbeider - vikariat

Arbeidsgiver
Gullbring - kulturhus, Midt-Telemark kommune
Stillingstittel
Kulturhusmedarbeider - vikariat
Frist
19.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Gullbring Kulturhus er eit av dei største og mest brukte kulturhusa i Telemark, og er ein del av Midt-Telemark kommune. Huset blir besøkt av om lag 220 000 menneske årleg. Vi driv kino, idrettshall, symjebasseng, konsertsal, kulturskule og har ti andre ulike større og mindre møterom, i tillegg til fleire leigetakarar innan kultur og idrett/fritid. Alt dette er knytt saman med ein stor kafé i vår lobby, Framstugo.

Me søkjer vikarar i inntil 90% stilling til vårt kulturhus, til bad, kafé og kino. Arbeidstida er primært på ettermiddagar, kveldar og i helg, noe dagtid etter avtale. Det er mulighet for å ansette ein i heile stillinga, eller dele denne på fleire.

Som kulturhusmedarbeider vil du ha varierte oppgåver. Du vil ha vakter der du vil vere ansiktet utad i kafeen, sikre tryggleiken til dei som bader i bassenget, og operere kinoutstyret. Det vil alltid vere fleire på jobb som arbeider saman som eit team. Opplæring vil bli gitt på alle område, og ein må bestå ein livredningsprøve før tilstting dersom ein skal jobbe i badet.



Arbeidsoppgåver

  • Kulturhusmedarbeidar/resepsjonist
    • Kafemedarbeidar/resepsjonist
    • Visning av film
    • Handtering av publikum
    • Generelt reinhald og vedlikehald av utstyr
    • Håndtering av tilbakemeldingar på ein profesjonell måte
  • Badevakt - ivaretaking av tryggleiken til publikum

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Vere fylt 18 år
  • Det foretrekkes at livreningsprøve godkjennes (kan avvikast ved mindre stilling)

Ønska kompetanse

  • Erfaring fra liknande stillingar

Last opp vitnemål og attestar under vedlegg til søknaden.


Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. politiregisterforskriften § 34-16, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Bestått livredningsprøve før oppstart i arbeidet - kan avvikast på redusert stillingsstørrelse

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, tenesterett og tilpasningsdyktig
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å ha varierte arbeidsdagar

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Trine Brox, Avdelingsleiar, +47 93090409

Arbeidsstad

Gullbringvegen 34

3800 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune



Referansenr.: 4843712045

Stillingsprosent: 45%

Vikar

Startdato: 09.09.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 19.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Annet, Kundeservice, Kontor og administrasjon
FINN-kode
364414875
Sist endret
07. aug. 2024 05:36