Konsulent

Arbeidsgiver
Luster kommune
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kommunikasjonsavdelinga arbeider med ekstern og intern kommunikasjon, brukarstøtte og opplæring, digitalisering og utvikling, samt bistå einingane i kommunen med diverse oppgåver.

Me har ledig vikariat som konsulent i inntil 100%, med oppstart snarast og ut året og med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

  • Betjene sentralbord
  • Ta i mot og rettleie besøkande
  • Varebestilling av rekvisita og anna
  • Publisering av nyhende
  • Andre daglege driftsoppgåver i kommunikasjonsavdelinga

Kvalifikasjonar

  • Flytande i norsk, munleg og skriftleg
  • God digital kompetanse

Det er også ynskjeleg med erfaring frå offentleg forvaltning

Me legg vekt på personlege eigenskapar som at du er

  • Sjølvstendig, men arbeider og godt i team
  • Løysingsorientert og glad i utfordringar
  • Initiativrik, positiv og fleksibel

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Konsulent, Annet
FINN-kode
364453813
Sist endret
07. aug. 2024 05:58