Er du sjukepleiarstudent og ønskjer jobb og stipend?

Arbeidsgiver
Odda sjukehus
Stillingstittel
1. års sjukepleiestudent
Frist
31.12.2024

Beskrivelse

Kombiner studiet med ein lærerik jobb og få stipend i tillegg.

Hos oss får du lære mykje om sjukepleie i eit godt miljø med kjekke kollegaer. Som sjukepleierstudent kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får både løn, fagleg utvikling og stipend.

Som 1. års sjukepleiarstudent kan du frå hausten 2024 inngå avtale med Helse Fonna HF der du får eit stipend på kroner 20.000. Stipendet får du dersom du inngår kontrakt på å arbeide minimum 10 helger frå hausten 2024 til august 2025, samt 5 veker i sommarperioden 2025. To av dei 10 helgene skal inngå i sommarperioden. Stipendet er skattepliktig og blir utbetalt i månadlege rater.

Skriv i søknaden kva avdeling du helst vil jobbe ved og kva praksisplassar du har hatt i løpet av studietida.
Annonsa gjeld Kirurgisk klinikk, Medisinsk klinikk og Klinikk for psykisk helsevern

Kvalifiserte søkjarar blir tilsett fortløpande.



Arbeidsoppgåver

  • Delta i behandling og pleie av pasientar
  • Du vil vera ein del av det tverrfaglege teamet og arbeidsfellesskapet i einingane
  • Akuttpsykiatri, sikkerhetspsykiatri og psykosebehandling hvor samarbeid mellom spesialisthelsetjenesten og kommunehelsetjenesten er sentralt

Kvalifikasjonar

  • Du er 1.års sjukepleiarstudent
  • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du held roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Vi gir deg ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.
  • Vi gir deg eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.
  • Vi medverkar til at du får utvikle breidda i sjukepleiarfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Gunvor Line Steinsland

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4844076949

Stillingsprosent: 20%

Anna

Søknadsfrist: 31.12.2024


Antall stillinger
10
Sted
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
364529095
Sist endret
07. aug. 2024 09:14