Er du helsefagarbeidar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommu

Arbeidsgiver
Askvoll kommune Heimetenester
Stillingstittel
Helsefagarbeidarar 50% og 92,5% fast stilling - todelt turnus, arbeid kvar tredje helg
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Heimetenesta i Askvoll kommune har ledig to stillingar som helsefagarbeidar:

  • 50% helsefagarbeidar med arbeid kvar 3. helg i todelt turnus frå 1.10.2024
  • 92,5% helsefagarbeidar med arbeid kvar 3. helg i todelt turnus frå snarast

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.

Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap. Helsefagarbeidarane deltar i det tverrfaglege samarbeidet for å sikre en heilskapleg tilnærming og oppfølging. Heimetenesta yter teneste i heile Askvoll kommune, og har no utvida tenestene på Atløy, Bulandet og Værlandet.

Ver venleg å oppgje i søknadstekseten kva stilling du søkjer på, evt. om du ønskjer å stå som søkjar på begge to.

Arbeidsoppgåvar

  • Utøve direkte stell, pleie og tilsyn pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"
  • Medverke til tryggleik og gje omsorg
  • Dokumentasjon og administrative oppgåver
  • Medverke til å oppretthalde og utvikle høg fagleg kvalitet på tenestene
  • Delta i utvikling og forbetringsarbeid
  • Medverke til god informasjonsflyt
  • Medverke til godt samarbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar/ hjelpepleiar/ omsorgsarbeidar. Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkarar kan andre med relevant erfaring søke og bli mellombels tilsett
  • Medisinkurs eller være villig til å ta dette
  • God norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Politiattest vert krevd ved tilsetting
  • Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere bil
  • Det er krav om framlagd politiattest før oppstart

Personlege eigenskapar

  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Like utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
  • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

Vi tilbyr

  • Kr 10 000,- over garantiløn etter gjeldande tariff for helsefagarbeidarar/ omsorgsarbeidarar/ hjelpepleiarar
  • Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helger per halvår, som vert innarbeidd i årsturnus, får utbetalt ein bonus på kr. 10.000,- per helg. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg.
  • Pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Askvollheimen, 6980 Askvoll
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
364584021
Sist endret
07. aug. 2024 12:21