Inaktiv

100% stilling som miljøterapeut ved Mhølstølen avlastningsbustad, Odda

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Frist
28.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

100% stilling som miljøterapeut ved Mjøstølen avlastningsbustad, Odda

På Mjøstølen avlastningsbustad yter me tenester til familiar med barn med særskilte behov. Vi yter også tenester til vaksne med særskilte behov, og har døgndrift.

Vi er opptekne av at barna og familiane skal oppleve tryggleik når barnet er hjå oss. Arbeidet innebærer å skape gode og trygge rammer for barna, støtte dei i kvardagslege aktivitetar og leik, samt følge opp individuelle behov og samarbeid med pårørande og andre instansar. Vi er eit godt team som er opptekne av å gi gode, stabile tenester, samt støtte og hjelpe kvarandre i arbeidet. Akkurat no førebur vi oss på å prøve ut ein ny turnus med langvakter, etter ønske frå dei tilsette. Dette vil gi fleire opphold mellom kvar arbeidsperiode.

Vi har ledig 100% fast stilling, for tida på natt. Vi søker primært etter miljøterapeut til stillinga, men høyrer gjerne frå deg som har anna bakgrunn, erfaring og interesse for faget og brukargruppa.

Det er ønskelig med oppstart i stillinga så snart som mogleg.
Du må gjerne ringe oss for ein uforpliktande samtale!

Hovudarbeidsoppgåver

● Målretta miljøarbeid

● Samarbeid med skule, spesialisthelsetenesta og pårørande

● Følge opp interne rutinar i samarbeid med leiar

● Bidra til eit godt arbeidsmiljø

● Legemiddelhandtering

Vi ser etter deg som

● har erfaring frå målretta miljøarbeid og målgruppa

● har erfaring med vedtak etter kap 9

● har gode samarbeidsevner, er fleksibel og positiv

● likar å vere i fysisk aktivitet

● er stabil og personleg skikka til stillinga

● meistrar norsk skriftleg og munnleg

Vi kan tilby

● Ein fagleg krevjande, spennande og lærerik jobb

● Opplæring og rettleiing

● Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer

● Lønn etter hovudtariffavtalen

● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

● Politiattest

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
364585220
Sist endret
21. aug. 2024 12:06