75% stilling som helsefagarbeidar ved Røldal bufellesskap

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg - 75 % stilling som helsefagarbeidar ved Røldal bufellesskap bolig.

Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spennande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire dyktige medarbeidarar i kommunen. Kommunen har om lag 10 900 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levere gode tenester, vere ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget. Ledig fast stilling som helsefagarbeidar - stillingsstorleik 75,5 %, med stor moglegheit for auke til 100 %.

Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune. Om du er glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn, er dette kanskje staden for deg. Me treng no ein helsefagarbeidar til BPA-tenesta i Røldal. Tenesta inkluderer 2 tjenestemottakar i heimebuande. Tenesta er samla på eit lite kollektive bolig i Røldal, der desse tilboda ligg tett ved kvarandre leilighet. BPA-tenesta i Røldal, ein ynskjer at tjenestemottakarane skal oppleva respekt, tryggleik og forutsigbarheit i tenesta. Samtidig ynskjer me at tjenestemottakarane skal ha ei oppleving av sjølvstende og meistring. Stillinga har i utgangspunktet arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver:

  • Tilsyn, stell og pleie og oppfølging av tjenestemottakarar etter vedtak og behov
  • Oppgåver knytte til legemiddelhandtering
  • Førefallande arbeid på kjøkken, nokre oppgåver knytte til ernæring og tilbereding av måltid på bukollektivet
  • Besvare tryggingsalarmar frå omsorgsbustadene og elles på bygda
  • Bistå kollegaer ved tyngre oppgåver
  • Dokumentasjon og overføring av informasjon
  • Følgje tjenestemottakarar til utandørsaktivitetar

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Skriftleg og munnleg norskkunnskap eller flytende svensk
  • Autorisert helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode kommunikasjonseigenskapar
  • Relevant kompetanse innan BPA

Me ynskjer deg som har/er:

  • Godt humør og positiv innstilling
  • Gode samarbeidsevner, men og sjølvstendig i arbeidet
  • Fleksibel, strukturert og kreativ
  • Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
  • Sjølvstendig og bevisst sitt ansvarsområde

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Bra lønn etter hovudtariffavtalen
  • Me er behjelpelige med å skaffe/leige husvære. Kommunen dekker kostnader inntil kr 7500 pr/mnd i husleige dei 3 første månadane.
  • Moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

  • Politiattest (ikke meir enn 3 månadar gammal)
  • Førarkort klasse B

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
364694375
Sist endret
08. aug. 2024 06:07