100% stilling som sykepleier ved Røldal pleie- og omsorg

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ledig fast stilling som sjukepleiar - stillingsstorleik 100 %

Om arbeidsplassen:

Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune, om du er glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn er dette kanskje plassen for deg.

Me treng no ein sjukepleiar til heimetenesta i Røldal. Tenesta inkluderer heimebuande og bebuarar i omsorgsbustader. Tenesta er samla på eit lite område i Røldal, der desse tilboda ligg tett ved kvarandre. Heimetenesta har basen sin i bygget som tidlegare var sjukeheim. 6 av omsorgsbustadene (bukollektivet) ligg i dette bygget, og bebuarane får sine tenester som heimebuande der. Heimesjukepleien i Røldal yt tenester til ca 30 brukarar, ein ynskjer at brukarane skal oppleva respekt, tryggheit og forutsigbarheit i tenesta. Samtidig ynskjer me at brukarane skal ha ei oppleving av sjølvstendigheit og meistring. Heimesjukepleien skal yta lovpålagde tenester til brukarar i alle aldrar, men dei fleste brukarane er eldre med ulike behov. Stillinga har i utgongspunktet arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver:

  • Som sjukepleiar er du med å har eit fagleg ansvar for drift av heimesjukepleien i Røldal, saman med avdelingsleiar. Du vil ha og ha medansvar for fagleg forsvarlegheit, og me ynskjer at du er ein aktiv
  • pådrivar for å sjå på nye metodar og utprøvingar og evaluering av endringar i forhold til faglege tiltak.
  • Ansvar for sjukepleiefagleg observasjon, tiltak, miljøarbeid og oppfølging av brukarar
  • Bidra til å sikre forsvarlige pleie- og omsorgstjenester, og at oppgåver utføres i tråd med kvalitetskrav og lovverk
  • Ha ansvar for legemiddelhandtering
  • Veilede medarbeidarar og studentar
  • Sørge for at nødvendige prosedyrer og rutiner er utarbeida
  • Tilrettelegge og koordinere tenesta samen med brukarane, og sikra brukarmedverknad
  • Samarbeida tverrfagleg med fastlege, pårørande og andre instansar.
  • Det er fordel om du har kompetanse på utviklingshemming og brukarstyrt personlig assistanse (BPA). Erfaring med pedagogisk støtte og rettleiing for både beborere og medarbeidare er også ein fordel.

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som Sjukepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode kommunikasjons- eigenskapar

Personlege eigenskapar:

  • Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og bevisst sitt ansvarsområde

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Rekrutteringstillegg og tillegg for sjukepleiar/vernepleiar.

For sjukepleiar i turnus kr 25 000 i tillegg til tariffløn.

I tillegg rekrutteringstilskot i form av stipend til nytilsette vernepleiarar og sjukepleiarar:
Etter 1 års teneste vert det utbetalt kr 30 000.- Etter 2 års teneste vert det på ny utbetalt kr. 30 000.-

  • Me er behjelpelege med å skaffe/ leige husvære. Kommunen dekker kostnader inntil kr 7500 pr/mnd i husleige dei 3 første månadane.
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
  • Vi hjelper med å finne barnehageplass til dine barn
  • Vi hjelper deg med å finne fritidsaktiviteter som passer dine interesser
  • Vi ønsker deg velkommen til et godt og trygt arbeidsmiljø

Krav:

  • Politiattest
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskaper, både skriftlig og muntlig .
  • Sjukepleiarar som er under norsk opplæring kan verta vurdert

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
5760 Røldal
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
364694495
Sist endret
08. aug. 2024 06:11