Intensivsjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Intensiv Molde, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Intensivsjukepleiar
- Frist
- 27.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Intensiv Molde har ledig tre 100 % faste stillingar som intensivsjukepleiar, oppstartdato etter avtale.
Som intensivsjukepleiar på intensiv Molde blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, indremedisinarar, kirurgar, fysioterapeutar, logoped og KEF. Vi set fag i fokus, og god opplæring vert prioritert.
Molde sjukehus er eit veldifferensiert sjukehus med kirurgiske, ortopediske, medisinske, nevrologiske og gynekologiske/føde-pasientar. Det er også traume- og donorsjukehus. Vi har simuleringsdagar saman med anestesilegane, noko som bidreg til godt samarbeid både fagleg og sosialt. Vi har faste dagar i turnus til fagdagar og MTU-oppdatering, og vi har fokus på simulering.
Dersom du er nysgjerrig på kva vi kan tilby, må du gjerne ta kontakt. Her jobber ein veldig triveleg og fin gjeng med dyktige fagfolk, og vi håper å få nye flinke kollegaer! Våren 2025 skal vi flytte inn i det nye akuttsjukehuset på Hjelset, sjukehuset Nordmøre og Romsdal, SNR.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon, og følg oss gjerne på instagram! (intensiv_molde_hmr)
Vi ber om at vitnemål, tenestebevis og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til postoperative pasientar, både barn og vaksne, intensivpasientar og overvakingspasientar innafor fagfelta kirurgi, medisin og nevrologi, samt gyn/føde.
- Til ein kvar tid er det to sjukepleiarar som er ein del av stans-teamet ved sjukehuset.
Kvalifikasjonar
- Autorisert intensivsjukepleiar. Kandidatar med tilsvarande spesialisering kan være aktuelle alt etter erfaring (anestesi/akutt)
Personlege eigenskapar
- Du har ei positiv haldning og interessert i intensivfaget og pasientane som treng slik behandling
- Du er endringsvillig, utadvendt og engasjert
- Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med kollegaer, pasientar og pårørande
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Kontaktinformasjon
Camilla Stavik, Seksjonsleder, +47 71121485, Camilla.Stavik@helse-mr.noArbeidssted
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4843290969
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.08.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Parkvegen 84, 6412 Molde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 364694576
- Sist endret
- 08. aug. 2024 06:14