50% fast stilling som konsulent kulturmiljø/kulturminne

Arbeidsgiver
f.t. ved Kultur og fritid, Bremanger kommune
Stillingstittel
Konsulent
Frist
01.09.2024

Beskrivelse

Bremanger kommune har ein rik og samansett kulturarv som femner frå eldre steinalder via vikingtida fram til nyare tider med varierte kulturmiljø frå kyst, fjord og til fjell.

Kultur og fritidsavdelinga i kommunen består av kulturskule, bibliotek, frivillegsentral BUA og kulturmiljø, tilsaman ca 10 årsverk, delt på 16 tilsette. Eininga er organisert under Oppvekst kultur og fritid.

Kommunen har ein vedteken kulturmiljøplan ( 2020 – 2030 ) med tilhøyrande handlingsplan. I arbeidet med å vidareføre denne flotte planen treng vi nokon til det å sette denne ut i livet.

Stillinga kan bli utvida.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeide konkret med å gjennomføre dei prioriterte planmåla
  • Vere med å utforme dei vidare handlingsmåla , då handlingsplanen skal rullerast til neste år
  • Bidra til å synleggjere vår fantastiske kulturarv
  • Vere delaktig i arbeidet med ny overordna plan for kultur og fritid
  • Vere ein del av fagleiargruppa i kultur og fritid
  • Vere ein ressurs oppimot planarbeidet i kommunen som vedkjem bygning og landskapsvern
  • Sekretær for sogenemda i kommunen

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg:

  • Som har høgare utdanning innan kulturminneforvaltning, minimum bachelor grad
  • Relevant utdanning, minimum bachelor innan kulturhistorie, etnologi i kombinasjon med offentleg forvaltning
  • Grunnleggande god IKT kunnskap
  • Andre med relevant realkompetanse kan søkje

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, strukturert
  • Evna til å arbeide sjølvstendig
  • Du er motivert, fleksibel og har gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje.
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid.
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgivar.
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf lokal avtale.
  • Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
  • Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette.
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet.
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse.
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg.

Kontaktinformasjon

Norvall Klungresæter, Driftssjef kultur og fritid, +47 91658547

Arbeidsstad

Granden 4

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune



Referansenr.: 4844531517

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 01.09.2024


Sted
Granden 4, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Annet, Rådgivning, Saksbehandler
FINN-kode
364712895
Sist endret
19. aug. 2024 09:45