Inaktiv

Vi søkjer helsefagarbeider!

Arbeidsgiver
Gastroenterologisk og nyremedisinsk avdeling Haugesund sjukehus
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Som helsefagarbeidar ved denne avdelinga vil du få moglegheita til å jobbe i spennande team

- Vi har knallkjekke kollegaer, godt humør og mykje latter i kvardagen, seier Anne, Anna og Lena.

Sengeposten vår ligg på 5. etasje i den eldre blokka ved Haugesund sjukehus. I slutten av 2026 gler vi oss til å flytte inn i eit splitter nytt anlegg. Med 12 sengeplassar tilbyr vi spesialisert behandling innan gastroenterologi og nyremedisin. Vi har per idag en fast ansatt helsefagarbeider, og vi ønsker å etablere et større miljø rundt yrkesgruppen.

Arbeidsdagen vår byr på utfordringar som vil kreve ditt beste, men også på rolige stunder der du verkeleg kan gjere ein ein forskjell for pasientane våre. Du vil bli ein del av eit arbeidsmiljø som både er utfordrande og støttande, med hyggjelege og kompetente kollegaer.

Hos oss er fagleg vekst ein prioritet. Vi arrangerer regelmessige fagdagar og tilbyr kurs for å styrke både din og avdelinga sin kompetanse. Vi er i startfasen i prosjektet oppgaveglidning. Du vil få tilbud om opplæring i å henge opp klare væsker og i å legge inn venekanyler.

Vi gler oss til å høyre frå deg og ta imot søknaden din!



Arbeidsoppgåver

  • Vere ein del av det gode og trygge pasientforløpet.
  • Ha eit godt klinisk blikk og evne til å vurdere (endringar) i pasientane si tilstand, og kommunisere endringane til rett instans.
  • Motivere og mobilisering av pasientar i eit sjukdomsforløp.
  • Gi god omsorg for pasientar og pårørande
  • Setje i verk og vidareføre behandling og tiltak i samarbeid med pasientansvarleg lege og sjukepleiar
  • Bruk av medisinsk teknisk utstyr (MTU)
  • Tett samarbeid med andre tverrfaglege yrkesgrupper
  • Oppfølgning og rettleiing av lærlinger
  • Vere med på å utvikla og forbetra avdelinga sitt arbeid innanfor ulike fokusområde
  • Stjernevakt: oversyn over pasienttalet og vere ein deltagande part i koordineringa av pasientflyten.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeider
  • Ønskeleg med relevant erfaring fra arbeid på medisinsk sengepost, men ikkje eit krav
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse. Vi bruker DIPS, Meona og Imatis
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskaper vil bli vektlagde.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er strukturert og ansvarsbevisst
  • er nysgjerrig, lærevillig og fagorientert
  • har gode evner til å jobbe i team
  • er aktiv partner til samarbeid og fremme god kommunikasjon
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • trivs i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Oppfølgingssamtalar for nytilsette for å kunne tilrettelegge for optimal kompetanseutvikling og trivsel
  • 2-delt eller 3-delt turnus med arbeid 3. hver helg

Vennligst opplys om eventuelle ønsker om fortrinnsrett i søknaden din.

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Silje Berning, Funksjonsleiar, +47 99288054

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4844486056

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
364740148
Sist endret
15. aug. 2024 10:52