Inaktiv

Psykolog/psykologspesialist

Arbeidsgiver
Poliklinikk rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Frist
04.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig ei heil stilling som psykolog/psykologspesialist ved Molde behandlingssenter - Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) poliklinikk.

Avdeling for TSB er ein del av spesialisthelsetenesta i Helse Møre og Romsdal. Avdeling TSB består av fem ulike seksjonar; avrusing, langtidsdøgn, korttidsdøgn og to poliklinikkar som er lokalisert både i Molde og Ålesund. TSB gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole stereoidar og spel. Aldersgruppa er frå 18 år og oppover. Vi gir også tilbod til pårørande. Fagmiljøet ved avdelinga er tverrfagleg samansett og inkludera rus-spesialistar, legar, psykologspesialistar/psykologar og helse- og sosialfaglege medarbeidarar med vidareutdanning.

TSB er eit fagfelt i utvikling med forholdsvis ny spesialitet innan rusfag. I tillegg til behandling av avhengigheit, jobbar vi også spesifikt med å utvikle kompetanse i behandling av psykiske lidingar. Vi har eit aktivt forskingsmiljø, med fleire pågåande stipendiatprosjekter. Molde behandlingssenter - langtidsdøgn tilbyr ein behandlingsmetodikk for traume i kombinasjon av narrativ eksponeringsterapi-NET og dialektisk åtferdsterapi-DBT i tillegg til rusbehandling. Vidare satsing tilknytt våre poliklinikkar er implementering av kunnskapsbasert traumebehandlingstilbud til voksne, med fokus på to behandlingsmetoder; Eye Movement Desensitization and Reprosessing (EMDR) og Kognitiv terapi for PTSD (CT-PTSC) som er eit samarbeidsprosjekt med Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Implementeringsplan for EMDR og CT-PTSD vil komme i gang medio 2024.

I tillegg har TSB fleksible rammer for andre terapimetoder, bl.a. langvarig psykoterapi då pasientane gis muligheit til meir tidsvarige behandlingsforløp med tett oppfølging. Generelt tilbyr TSB utgreiing og behandling til menneske med avhengighetsproblematikk både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar, bl.a. pasientar med ADHD diagnose (Pegasus), pårørande/familie, ettervern, dagbehandling inkl. trening m.m.
Er dette noko som engasjerer deg, høyrer vi gjerne frå deg!

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk utredning, diagnostisere og behandling av menneske med rusavhengigheitslidingar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
  • Rettleiing og samarbeid med våre aktuelle samarbeidspartnarar i kommune og innan eiga avdeling
  • Bidra med psykologisk fagkompetanse i seksjonen og på tvers av avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Psykologar som ikkje har fullført spesialisering kan også søkje
  • Psykologar på lisens i påvente av norsk autorisasjon
  • Psykologstudentar i påvente av norsk autorisasjon
  • Poliklinisk erfaringar er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Det er krav om å leggje fram politiattest før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg oppdatert og har stor arbeidskapasitet
  • Du har gode samarbeidsevner, og likar og jobbe i team
  • Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
  • Evne til sjølvstendig arbeid
  • Interesse for nye arbeidsformer innan rusfaget

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid og dyktige kollegaer
  • Ein inkluderande og sosial arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Fleksibel og løsningsorientert tilrettelegging
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og aktuell kursing
  • Rekrutteringstillegg
  • Vi har moderne lokaler sentralt i Molde by

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og
padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og
fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale
ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og
spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Merethe Wenaas, Konst. seksjonsleiar, +47 97580780, Merethe.Wenaas@helse-mr.no

Arbeidssted

Strandgata 1

6415 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4839454194

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Strandgata 1, 6415 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
364752253
Sist endret
08. aug. 2024 01:59