Helse og omsorg - helgevakt og tilkallingsvikarar 2025
- Arbeidsgiver
- Sykkylven kommune
- Stillingstittel
- Helse og omsorg - helgevakt og tilkallingsvikarar 2025
- Frist
- 31.12.2025
Beskrivelse
Dette er ei fellesannonse for helse- og omsorgssektoren i Sykkylven kommune der du som ønskjer å vere tilkallingsvikar i kommunen kan melde di interesse.
Aktuelle søkjarar vil bli kontakta ved behov.
Vi ber om at du opplyser i søknaden kva du søkjer på:
Sykkylven omsorgssenter
-Sone 1 og 2
-Institusjon og demens
-Kjøkken
Heimetenestene
-Heimehjelp/ heimesjukepleie dag/kveld
-Korttid/ rehab
-Nattpatrulje
Bu- og rehabiliteringstenestene
Ulike bustadgrupper:
-Ura
-Klokkerhaugen
-Barne - og avlastingsbustad
Søkjer du på fleire arbeidsområde, ber vi deg sette opp ei prioriteringsliste.
Vi ber deg også opplyse ønskje om arbeidstid/ i kva tidsrom du kan arbeide.
Tilsettingsform og stillingsstorleik vil kunne variere.
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. helse - og omsorgstenestelova § 5-4.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består av vanleg pleiefagleg arbeid og ansvar knytt til dei brukarane som har behov for dei ulike tenestene.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer pleiemedarbeidarar, studentar innan pleie, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar, hjelpepleiarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar m.v
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer medarbeidarar som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarne og deira ønskje og behov, anten dei er heimebuande, bur i omsorgsbustad eller på institusjon.
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk.
- Løn etter kvalifikasjonar.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu - og rehabiliteringstenestene, 91 00 96 25, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.noWenche Oldeide, einingsleiar BUAS og Heimetenestene, 90 11 82 18, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4739573403
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haugneset 16, 6230 Sykkylven
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 364756382
- Sist endret
- 02. jan. 2025 08:58