Inaktiv

Treningsterapeut

Arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin/ AFR Tertnes, Helse Bergen
Stillingstittel
Treningsterapeut
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for rusmedisin har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes er ein del av Avdeling for rusmedisin og består av ei sengepost og poliklinikk/ambulant team. Seksjonen består i dag av 2 psykologspesialistar, 1 psykolog, 1 lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi jobbar tverrfagleg der alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga rundt pasienten.

Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for frivillig behandling av rusmiddelavhengige kvinner.
Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og har tilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har også tilbod om brukarstyrt seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare fasar.

Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg og behandlingen består mellom anna av gruppeterapi, inividualterapi, treningsterapi og miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi samt sosialfagleg oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av familieterapeut.

Vi har no ledig stilling som treningsterapeut.



Arbeidsoppgåver

  • Ha ansvar for å planlegge og gjennomføre treningsaktivitetar
  • Medverke til utvikling av behandlingstiltak knytt til fysisk aktivitet
  • Motivere pasienter til å delta i trening samt gjennomføre fysisk trening med pasientar
  • Delta aktivt i tverrfaglege møte
  • Ha undervisning for pasientar i ulike tema
  • Co-terapeut i gruppebehandling
  • Føre oversikt over treningsoppmøte, og dokumentere i pasientjournal
  • Utarbeide individuelle treningsplanar
  • Inngå i pasientens behandlingteam
  • Bidra med viktige observasjonar i forhold til utgreiing
  • Utarbeide sluttevaluering til epikrise

Kvalifikasjonar

  • Høgskole- eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå innan helse- og sosialfag
  • Vidareutdanning innan treningsterapi
  • Erfaring med pasientar innanfor rus og psykisk helsevern
  • Kompetanse og erfaring innan spesifikke treningstilbod slik som Yoga, gruppetrening eller anna er ønskeleg
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Evne og egnethet til å bygge gode relasjonar med pasientgruppen vektleggast høgt
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne og vilje til å arbeide både sjøvstendig og i tverrfagleg team
  • Evne til å sjå pasientane sine behov
  • Positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
  • Respekt for kvar enkelt pasient
  • Erfaring med pasientgruppa
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Trude Larsen, Leiar, 98800425

Arbeidsstad

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4840791088

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tertnesveien 35, 5113 Tertnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
FINN-kode
364757817
Sist endret
16. aug. 2024 04:48