Teamleiar/etterforskar - politioverbetjent
- Arbeidsgiver
- FEFE - Avsnitt for etterforskning av SO og grov vold Nordmøre og Romsdal, Møre
- Stillingstittel
- Teamleiar/etterforskar - politioverbetjent
- Frist
- 25.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi søkjer ein teamleiar/etterforskar som kan i særskilte sakar utøve politifagleg etterforskingsleiing på etterforskingsteamet vårt ved avsnitt for seksuelle overgrep (SO) og grov vald.
I stillinga vil du utøve politifagleg etterforskingsleiing i særskilte sakar, porteføljestyring og dessutan etterforsking og vere dagleg leiar av etterforskingsteamet ved lokasjon Molde utan personalansvar. Stillinga er underlagd leiar for avsnitt for SO og grov vald.
Hovudoppgåver i stillinga er å gjennomføre prioriteringar i straffesaksporteføljen som ligg til avsnittet,
saman med påtalejurist og avsnittsleiar. Vidare, å leie, drifte og kvalitetssikre at etterforskinga blir utført
med høg kvalitet innenfor gjeldande regelverk og faglege standardar. Du skal også bidra til å utvikle
avsnittet vidare innanfor dei rammene som blir tildelt. Læring og utvikling står sterkt i miljøet og det er eit
mål at dette skal vidareførast og prege avsnittet. Vi ser derfor etter deg som har god kompetanse innan
etterforsking og gode leiareigenskapar, herunder evne til å motivere og bidra til å utvikle medarbeidarane.
Du er kreativ og løysingsorientert, og evner å oppnå gode resultat i samarbeid med andre.
Vi har høg fokus på HMS, og viktigheita av å ha eit godt arbeidsmiljø, spesielt i samband med at
medarbeidarane kan bli eksponert for sterke inntrykk i arbeidet. Den som blir tilsett i stillinga skal også
bidra aktivt til det systematiske HMS-arbeidet ved teamet i kvardagen.
Stillinga er for tida organisert ved Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE), ved
seksjon for etterforsking, ved avsnitt for SO og grov vald. Avsnittet består i dag av avsnittsleiar og ni
etterforskarar, fordelt på lokasjonar i Molde og Kristiansund. Denne stillinga er stadsplassert i
Molde.
Ein må pårekne noko reiseverksemd.
Arbeidsoppgåver
- Politifagleg etterforskingsleiing i særskilte sakar og fagleg ansvar for etterforsking og metodebruk i
tildelte straffesaker - Organisere, leie og delta i etterforskinga av saker ved avsnittet, medrekna å bidra til
aktiv prioritering av ressursar og straffesaker i samarbeid med andre einingar,
i henhold til mål og resultatkrav. - Dagleg leiing av teamet ved lokasjon Molde
- Delta i operative aksjonar i regi av eige avsnitt, eller som bistand til andre
einingar. Dette inneber også bruk av ulike typar tvangsmiddel, herunder utføre
pågripingar, ransaking og beslag. - På oppmoding frå avsnittsleiar, delta i regionale og nasjonale fagnettverk, og følgje opp
sentrale krav og føringar. - Bidra til fagleg utvikling og kompetansebygging ved avsnittet, herunder bidra til å
utarbeide kompetanseplanar for etterforskarane på teamet. - Sørgje for at dei faglege oppgåver som er lagt til avsnittet blir utført i samsvar med
gjeldande lover, reglar, instruksar og faglege standardar. - Sørgje for at tilsette ivaretar vernet av politidistriktet sin informasjon, materiell og
objekt ved å erkjenne og etterleve gjeldande sikkerheitsinstruksar og
–prosedyrer - Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeidarskap, ønskt kultur og medarbeidertilfredsheit i organisasjonen.
- Bidra aktivt til at avsnittet gjennomfører systematisk HMS-arbeid.
- Andre oppgåver pålagt av overordna.
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skule
- Brei erfaring med etterforsking
- Brei erfaring frå politi- og lensmannsetaten
- Svært god kjennskap til lovverket innanfor gjeldande ansvarsområde
- Erfaring med prosjekt- og teamarbeid
- Gode kunnskapar om bruk av politiet sine datasystem
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- Må kunne klarerast frå "HEMMELIG" jf. sikkerhetsloven
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Ønska:
- Vidareutdanning innan etterforsking
- Funksjonsretta leiing innan etterforskingsleiing eller at ein gjennomfører studiet etter tilsetjing
- Tilleggsutdanning innan fagfeltet grov vold og seksuelle overgrep
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og på portefølje
- Kunnskap om gjennomgang av digitale beslag
- Kjennskap til og forståing av planleggings- og styringssystema til politiet
- Kunne vise til god resultatoppnåing i tidlegare stillingar
Personlege eigenskapar
- Det blir lagt stor vekt på gode leiareigenskapar, herunder evne til å motivere og bidra til å utvikle medarbeidarane.
- Du er heilskapsorientert og kan sette retning innan etterforsking
- Du er resultatorientert med god gjennomføringsevne - kan skape resultat i samhandling med andre
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du har god evne til relasjonsbygging
- Du er kreativ og løysingsorientert
- Ha eit medvite forhold til stresshandtering
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politien i framtida
- Eit solid fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga blir lønt som politioverbetjent, SKO 0287, frå kr. 657 300,- til kr. 720 100,- brutto per år
- For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering bli vurdert.
- Godtgjersle etter gjeldsande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
- Tilgang til bedriftshelseteneste.
- Trening i arbeidstida
Kontaktinformasjon
Ida Rindahl Hamnes, 71589464Arbeidssted
Strandgata 26415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4840220969
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 25.08.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Strandgata 2, 6415 Molde
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet, Sikkerhet
- FINN-kode
- 364864679
- Sist endret
- 09. aug. 2024 06:04