Inaktiv

Ergoterapeut/spesialergoterapeut

Arbeidsgiver
Førebygging og meistring, Ålesund kommune
Stillingstittel
Ergoterapeut/spesialergoterapeut
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse


Med utgangspunkt i eit ønskje om å levere gode førebyggande tenester har Ålesund kommune samla mange av dei førebyggande tenestene i verksemda førebygging og meistring.

I tillegg til ergo- og fysioterapiteneste inneheld verksemda seniorsenter, dagtilbod for heimebuande personar med demenssjukdom, geriatri/demensteam, støttekontaktteneste og teknisk hjelpemiddelservice. Verksemda har dermed eit godt fundament for god samhandling mellom ulike tenester med felles målsetting om å sørge for ein aktiv kvardag med stor grad av meistring for kvar enkelt.

Ergo- og fysioterapitenesta har i dag ca. 25 årsverk og er organisert i ei eiga avdeling. Tenesta er kommunedekkande med fleire geografiske lokasjonar og er delt i 3 basar ut frå dei ulike omsorgsdistrikta. Ein terapeut frå kvar base er med i et vurderingsteam som to gongar i veka går igjennom og prioriterer nye tilvisingar som er kome inn til tenesten.

Tett samarbeid og god dialog innad i dei ulike teama og på tvers mellom dei er ein viktig suksessfaktor for både gode tenester, eiga utvikling som terapeut og arbeidsmiljøet.

Vi jobbar tverrfagleg både internt og eksternt, og erfarer stadig viktigheita av at dette fungerer for å levere gode tenester for brukarane våre.

Ved eventuell intern tilsetjing kan det bli ledig stilling anna stad i kommunen.



Arbeidsoppgåver

Vi har ledig stilling for engasjert og lærevillig ergoterapeut med kompetanse og erfaring frå helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande arbeid.100% stilling som ergoterapeut hovudsakleg med arbeid retta mot barn og unge. Av dette er 90% fast, medan 10% er eit vikariat ut mai 2025.

  • Oppfølging av barn opp til 18 år, individuelt og i gruppe.
  • Vurdere behov, planlegge, prioritere, utføre og evaluere ergoterapifaglege oppgåver.
  • Rettleiing/undervisning/informasjon til brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar.
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt, samt koordinatoroppgåver.
  • Formidling av kunnskap, både internt og eksternt.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut.
  • Relevant erfaring og eventuelt relevant vidareutdanning.
  • Førarkort klasse B.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).

Personlege eigenskapar

  • Du er brukarorientert.
  • Du er nyskapande, løysingsorientert og framtidsretta.
  • Du er trygg og sjølvstendig i eiga fagutøving.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.
  • Du er opptatt av det gode arbeidsmiljø på arbeidsplassen, og bidrar aktivt til å ivareta dette.
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ei støttande arbeidsgruppe med godt samhald som gir gode føresetnadar for å å vekse som ergoterapeut.
  • Mulegheit for tett samarbeid med andre yrkesgruppe.
  • Ei mulegheit til å ta del i viktig endringsarbeid som er godt i gang i avdelinga.
  • Stor breidde i brukargruppe og arbeidsoppgåver.
  • Løn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Sissel Lervåg Sæther, Avdelingsleiar, 416 65 204

Camilla Almås, Verksemdsleiar, 994 93 553

Arbeidsstad

Olav Sundes veg 2

6018 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4843631825

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.09.2024


Sted
Olav Sundes veg 2, 6018 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
364874703
Sist endret
27. aug. 2024 07:02