Inaktiv

Ped.psyk.rådgivar - grunnskole

Arbeidsgiver
Pedagogisk fagsenter, Ålesund kommune
Stillingstittel
Ped.psyk.rådgivar - grunnskole
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ålesund PPT har ledig 2 100% faste stillingar og et vikariat som ped.psyk.rådgivar for arbeid på grunnskoleområdet med tildtreding så snart som råd.

PPT i Ålesund kommune er ei av dei store PP-tenestene i Noreg og dekkjer eit stort geografisk område med meir enn 36 grunnskolar.

Tenesta sine arbeidsoppgåver er heimla i Opplæringslova. PPT skal hjelpe skolane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for barn og unge og sørgje for at det blir utarbeidd sakkyndig vurdering der lova krev det.

Vi søkjer etter medarbeidar til arbeid i tenesteområde grunnskole. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til førebyggande arbeid, kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling samt utarbeiding av sakkunnige vurderingar når lova krev det. Arbeidet vil gå føre seg ute i skolar i møte med og i tett samarbeid med barn/elevar, foreldre og personale. Det vert stilt krav om gode evner til samarbeid, fleksibilitet, til det å kunne arbeide sjølvstendig og målretta, og tidvis tole høgt arbeidspress. Det blir stilt krav om at den tilsette kan nytte eigen bil i arbeidet.



Arbeidsoppgåver

  • Kompetanseheving og utviklingsarbeid i samarbeid med skular for å fremje gode og likeverdige utviklings- og opplæringstilbod. Dette vil gjelde førebygging, tidleg innsats, trygt og godt læringsmiljø samt rådgjeving og støtte i overgangar mellom barnehage og skule, og mellom skuleslag.
  • Utvikle gode individuelle tiltak innanfor ramma av klassefellesskapet.
  • Kartlegging og utarbeiding av sakkunnige vurderingar der lova krev det.
  • Dialog med og rettleiing av føresette og skule.
  • Hjelpe skulane i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling .

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ped.psyk rådgjevar/rådgjevar med mastergrad innan tenesta sine fagområde og solid bakgrunn med erfaring og kompetanse frå skuleområdet.
  • Søkjar må ha utdanning frå universitet/ høgskule innan fagområda spesialpedagogikk/ pedagogikk/ psykologi/ pedagogisk-psykologisk rådgjeving, rådgjeving eller utdanning knytt til organisasjons- og utviklingsarbeid.
  • Det vert stilt krav om gode evner i norsk munnleg språk og skriftleg framstilling.
  • Det er ønskjeleg at søkjar har rettleiarkompetanse samt aktuell test- og kartleggingskompetanse.
  • Erfaring frå arbeid i grunnskole er ønskjeleg.
  • Det blir sett krav til at søkjar har sertifikat og kan stille eigen bil til disposisjon for arbeidsgjevar

Personlege eigenskapar

PPT søker deg som

  • har gode samarbeidsevner og kan motivere andre.
  • er sjølvstendig og arbeider målretta
  • er fagleg fokusert og evnar å vidareformidle og rettleie
  • har evne og vilje til å tileigne deg relevant fagkunnskap
  • har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • Referansar og personlege eigenskapar vil verte vekta

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Sjølvstendig arbeid med faglege utfordringar
  • Varierte og utfordrande oppgåver
  • Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv (IA) - bedrift
  • Tenesta arbeider etter verdiar og mål for Ålesund kommune.

Tilsettingsvilkår

  • Løn iht. hovedtariffavtale.Arbeidstid: Normal arbeidstid er frå kl. 08:00 - 16:00.
  • Det må framvisast politiattest av ny dato før tiltreding.
  • Det er viktig at alle opplysingar det verdt bedt om i søknadsskjemaet blir utfylt. Etter søknadsfristen, vil det bli satt opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysingar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Iht. Offentlighetsloven § 25 kan opplysingar om søkjar bli offentlege sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjalista. Dersom anmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
  • Aktuelle søkjarar vil bli kalt inn til intervju. Attesterte kopiar av vitnemål og attester skal takast med til intervju.

Kontaktinformasjon

Solfrid Stavdal, Verksemdsleiar, 412 98 311, solfrid.m.stavdal@alesund.kommune.no

Gry Marie Tømmerdal Rennan, Avdelingsleder grunnskole, gry.marie.tommerdal.rennan@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Borgundfjordvegen 116

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4835872166

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Startdato: 02.09.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 01.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Borgundfjordvegen 116, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Rådgivning, Annet
FINN-kode
364875414
Sist endret
09. aug. 2024 07:08