Inaktiv

Ringevikar Møteplassen Aksen Aktivitet og rehabilitering

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Aktivitet og rehabilitering
Stillingstittel
Ringevikar Møteplassen Aksen
Frist
31.08.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Møteplassen Aksen er eit dagaktivitetstilbod innan psykisk helse. Me har ope kvar vekedag og gjev eit trygt og godt dagtilbod til personar med trong for hjelp og støtte til dette. Me er eit lågterskel tilbod og ein treng ikkje tilvising for å delta. Vanleg aktivitet er hobbyaktivitet av ulikt slag, turar og samtalar over ein kaffikopp. Sjå gjerne nettsidene våre for utfyllande informasjon om tilbodet.

Me treng ringevikar som kan stille opp når me har fråvere av ulike årsaker. Om du er ein omgjengeleg person som er glad i menneske kan du vere den me ser etter. Då det er viktig å skape relasjon til brukarane ynskjer vi aller helst nokon som kan vere vikar over noko tid framover. Er du pensjonist og har lyst på noko arbeid innimellom, er deltidstilsett og ynskjer meir arbeid eller om du av andre grunnar har ledig kapasitet ynskjer me kontakt med deg.

Arbeidsoppgåver
  • Følgje opp brukarane med motivasjonsarbeid, samtale og støtte i ulik aktivitet
  • Aktivt delta i fellesskapet vårt

Kvalifikasjonar
  • Gjerne aktivitør, men andre relevante bakgrunnar frå arbeid med menneske i ulike situasjonar er aktuelt
  • Om du har interesse for hobbyarbeid/handarbeid av ulikt slag kan det vere ein fordel
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
  • Du er glad i å arbeide med mennesker
  • Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god samtalepartner
  • Du er tålmodig
  • Du ser ressursar i den enkelte og bidreg å utvikle desse

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
364893239
Sist endret
09. aug. 2024 12:46