Inaktiv

Sjukepleiar 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % fast stiling
Frist
22.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du sjukepleiar? Vi er ein super gjeng som er fagleg engasjerte og stolte av arbeidsplassen vår! Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar ved Heimetenestene avd. korttid/rehab. Stillinga er i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.

Vi søkjer ein sjukepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig men ha gode samarbeidsevner, samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig i avdelinga.
Vi nyttar fagdatasystemet Visma Profil til all dokumentasjon rundt pasientane, og turnusprogrammet Visma Ressurs for turnusplanlegging og timelister.



Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å realisere avdelinga sine mål og planar
  • Medisinhandtering (administrering og tillaging i dosett)
  • Blodprøvetaking og anna laboratoriearbeid
  • Kartlegge, utarbeide, gjennomføre, evaluere og dokumentere tiltaksarbeid
  • Dokumentasjon i pasientjournal - Palliativ pleie
  • Legge til rette for godt samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Sjukepleie til pasientar med samansette behov
  • Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut, innsatsteam og tenestekontor

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert og serviceinnstilt
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4845104013

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haugneset 16, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
364944464
Sist endret
30. aug. 2024 08:58