Inaktiv

Politibetjent 3/2/1 med funksjon som etterforskar

Arbeidsgiver
FEE-Felles Straffesaksinntak (FSI), Avsnitt for etterforsking, beslag og straffe
Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1 med funksjon som etterforskar
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I Vest politidistrikt er det ledig eit antal faste og mellombelse stillingar som politibetjent 3/2/1 innan etterforsking ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for felles straffesaksinntak (FSI). Det er òg mogleg at det vert ledig tilsvarande stillingar ved geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden (GDE-BAØ).

Etterforskarar ved FSI etterforskar eigne sakar, avhøyrer arrestantar og bistår politifagleg etterforskingsleiar (PEL) i akutte etterforskingsoppgåver. Dei jobbar dagar og kveld i vekedagane og treskiftsturnus kvar tredje helg.

Etterforskarane ved dei geografiske driftseiningane har ansvar for etterforsking innan alle fagområde. Dei jobbar hovudsakeleg dagtid i vekedagane med moglegheit for noko helgejobbing.



Arbeidsoppgåver

  • Utføre etterforsking
  • Gjennomføre og dokumentere etterforskingsskritt
  • Innhente og analysere informasjon
  • Registrere/rapportere informasjon i aktuelle registre til bruk i etterretning i tråd med gjeldande regelverk
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen. Vedlagde karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden (trykk på lenke for vedlegg)
  • God munnleg og skriftleg framføring

Ønskeleg:

  • Allsidig politierfaring og erfaring som etterforskar vil bli vektlagd
  • Relevant vidareutdanning innan etterforsking blir vektlagt

Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og i team i ein hektisk arbeidskvardag
  • Fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver
  • Evne til kreativ problemløysning
  • Gode samarbeidsevner og evne til å skape samhald og trivsel
  • Ha engasjement og interesse for fagfeltet

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida
  • Stillinga blir løna som politibetjent 3/2/1 med funksjon som etterforskar (stillingskode 1461/1459/1457), frå ltr 47 / kr 480.900,- til ltr 68 / 667.700,- kr brutto per år.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr.: 24/160351

Kontaktinformasjon

Håvard Skattum, Avsnittsleiar, Etterforsking, beslag, straffesakssstøtte, 90 65 51 80

Sølvi Vetås, Avsnittsleiar, Politifagleg etterforskingsleiing, 95 74 23 87

For spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no

Arbeidsstad

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4837774266

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling, Vikar

Startdato: 01.10.2024

Søknadsfrist: 25.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Annet, Politi, Saksbehandler
FINN-kode
364945648
Sist endret
12. aug. 2024 06:14