Politibetjent 3/2 med funksjon som etterforskar innan miljøkriminalitet

Arbeidsgiver
FEE-A for etterforskning av miljøkriminalitet, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Politibetjent 3/2 med funksjon som etterforsker miljøkriminalitet
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø-, og arbeidsmarknadskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av miljøkriminalitet, er det ledig ei eller fleire faste stillingar som politibetjent 3/2. Den kunngjorde stillinga vil vere lokalisert i Bergen, men ein må rekne med noko reiseverksemd i heile politidistriktet.

SØMA (seksjon for etterforsking av økonomi, miljø- og arbeidsmarknadskriminalitet) inneheld tre avsnitt. Avsnitt for etterforsking av miljøkriminalitet har ansvar for eit vidt spekter av arbeidsoppgåver. Avsnittet etterforskar og førebyggjar alle typar saker innan indre og ytre miljø og dessutan store ulykker og andre saker etter spesiallovgivinga. Avsnittet har også ansvar for kriminalitet innan dyrevelferd.

Miljøkriminalitet rammar ofte fellesgoda våre og kan få store konsekvensar for den enkelte, samfunnet og naturen. Vi søkjer etter deg som har ei interesse for miljøfeltet og er motivert for å verne om våre felles verdiar.

Søkjarar må trivast i utfordrande naturomgjevnader.

Arbeidsoppgåver

  • Etterforsking av saker ved avsnittet, og saman med politi og påtalefaglege etterforskingsleiarar prioritere etterforskingssteg i tråd med hypotesar og bevistema
  • Bearbeide, systematisere, analysere og vurdere informasjon innhenta gjennom etterforsking
  • Analyse/gjennomgang av elektroniske beslag og behandling av trafikkdata
  • Samarbeid med eksterne aktørar innan miljøforvaltninga
  • Avsnitt for etterforsking av miljøkriminalitet jobbar på støtteliste hos Felles Straffesaksinntak i helg
  • Delta i planlagde aksjonar, under dette oppsynsteneste
  • Generell etterforsking innan sakstypane ved seksjonen, under dette A-krim-, miljø og økosaker
  • Andre oppgåver pålagt av leiar

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Vitnemål frå politiskule/politihøgskule
  • Tilfredsstille de generelle kompetansekravene for politibetjent 3/2
  • Relevant erfaring fra etterforskning
  • God kjennskap til politiets systemer
  • God muntlig og skriftlig fremstillingsevne
  • Beherske engelsk muntlig og skriftlig
  • Gjennomført obligatorisk årlig opplæring for etterforskning (OÅO), eller delta på slik opplæring etter tiltreding
  • AOP godkjent eller kvalifisert/villig til å bli det
  • Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Ønskelig:

  • Videreutdanning for etterforskere (VEF)
  • Erfaring fra etterforskning av miljøkriminalitet
  • Videreutdanning innen miljøkriminalitet fra PHS
  • Annen relevant utdanning eller kompetanse
  • God kjennskap til og erfaring i bruk av Indicia prosjektmodul
  • Kunnskap om etterretning og forebygging
  • Videreutdanning innen operativ saksanalyse
  • Videreutdanning i skjulte metoder modul 1

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids, relasjonsbygging-og kommunikasjonsevner, under dette kunne arbeide tverrfagleg og i team
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, resultatorientert, strukturert og vere løysingsorientert med god gjennomføringsevne
  • Inneha motivasjon og interesse for etterforsking av økonomisk kriminalitet, med eige initiativ og fleksibilitet
  • Være ein aktiv deltakar i å skape eit godt samarbeidsklima

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida
  • Stillinga blir løna som politibetjent 3/2 med funksjon som etterforskar (stillingskode 1461/1459), frå ltr 50/ kr 502.300,- til ltr 68 / 667.700,- kr brutto per år
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr.: 24/

Kontaktinformasjon

Elise Guddal Flo, Fungerande avsnittsleiar, 47693778, elise.guddal.flo@politiet.no

Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidsstad

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4842345573

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Annet, Saksbehandler, Jurist
FINN-kode
364945757
Sist endret
12. aug. 2024 06:24