Politibetjent 3/2 med funksjon som etterforskar innan økonomisk kriminalitet

Arbeidsgiver
FEE-Avsnitt for etterforskning av økonomisk kriminalitet, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Politibetjent 3/2 med funksjon som etterforsker økonomisk kriminalitet
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø-, og arbeidsmarknadskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet, er det ledig ein eller fleire faste stillingar som politibetjent 3/2 med funksjon som etterforskar. Stillinga er stadsplassert i Bergen. Stadsplassering i Florø kan vurderast for aktuelle kandidatar. Det må påreknast noko reiseverksemd i heile politidistriktet.

Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet skal førebyggje, avdekkje og etterforske økonomisk kriminalitet i tillegg til å gi politidistriktet fagleg støtte innan finansiell etterforsking. Avsnittet har også ansvar for taktisk etterforsking av dataangrep. Som tilsett i stillinga vil den primære oppgåva di vere etterforsking av økonomisk kriminalitet, men det er forventa at du bidreg i etterretningsarbeidet ved systematisk innhenting for å styrkje kunnskapsgrunnlaget innan fagfeltet.

Vi ser etter deg som har god fagkunnskap knytt til etterforsking, herunder etterforsking av økonomisk- og annan profittmotivert kriminalitet. Du er strukturert, engasjert og nysgjerrig på nye metodar for å få bukt med kriminalitet. Du er motivert for å tileigne deg kunnskap og erfaring innan skjulte etterforskingsmetodar, herunder i det digitale rommet. Straffesaksarbeidet skjer i tverrfaglege team med juristar, etterforskarar med politifagleg og økonomisk bakgrunn. Seksjonen og fagfeltet er i stadig utvikling og for å følgje samfunns- og kriminalitetsutviklinga, må endringar i oppgåve og arbeidsform måtte påreknast.

Politiet skal vere i forkant av kriminaliteten og arbeide kunnskapsstyrt. Vi arbeider med å vri fokuset i oppgåveløysinga vår mot intensjonen i hovudstrategien til politiet. Vi skal førebyggje og kjempe mot kriminalitet, og søkjer deg som vil bidra i dette viktige samfunnsoppdraget.

Arbeidsoppgåver

  • Etterforsking av saker ved avsnittet, og saman med politi og påtalefaglege etterforskingsleiarar prioritere etterforskingssteg i tråd med hypotesar og bevistema
  • Bearbeide, systematisere, analysere og vurdere informasjon innhenta gjennom etterforsking
  • Analyse/gjennomgang av elektroniske beslag og behandling av trafikkdata
  • Holde seg oppdatert på trendar og utvikling innan økonomisk- og annan profittmotivert kriminalitet
  • Delta i planlagde aksjonar
  • Generell etterforsking innan sakstypane ved seksjonen, under dette A-krim-, miljø og økosaker
  • Avsnitt for etterforskning av økonomisk kriminalitet jobber på støtteliste hos Felles Straffesaksinntak i helg
  • Andre oppgåver pålagt av leiar

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Vitnemål frå politiskule/politihøgskule
  • Tilfredsstille de generelle kompetansekravene for politibetjent 3/2
  • Relevant erfaring frå etterforsking
  • God kjennskap til systema til politiet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Beherske engelsk munnleg og skriftleg
  • Gjennomført obligatorisk årleg opplæring for etterforsking (OÅO), eller delta på slik opplæring etter tiltreding
  • AOP godkjent eller kvalifisert/villig til å bli det
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41

Ønskjeleg:

  • Relevant utdanning innan økonomi, teknologiske fag eller tilsvarande
  • Videreutdanning i etterforsking (VEF)
  • Erfaring frå etterforsking av økonomisk kriminalitet
  • Kunnskap om kryptovaluta
  • God kjennskap til og erfaring i bruk av Indicia prosjektmodul
  • Kunnskap om etterretning og førebygging
  • Videreutdanning i skjulte metodar modul 1
  • Vidareutdanning innan operativ saksanalyse

Personlege eIgenskapar

  • Gode samarbeids, relasjonsbygging-og kommunikasjonsevner, kunne arbeide tverrfagleg og i team
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, resultatorientert, strukturert og vere løysingsorientert med god gjennomføringsevne
  • Inneha motivasjon og interesse for etterforsking av økonomisk kriminalitet, med eige initiativ og fleksibilitet
  • Være ein aktiv deltakar i å skape eit godt samarbeidsklima

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her

Vi tilbyr

https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida
  • Stillinga blir løna som politibetjent 3/2 med funksjon som etterforskar (stillingskode 1461/1459), frå ltr 50/ kr 502.300,- til ltr 68 / 667.700,- kr brutto per år
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr.: 24/

Kontaktinformasjon

Martin Fosse, Fungerande avsnittsleiar, 47691036

Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidsstad

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4841656471

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.08.2024


Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Annet, Rådgivning, Saksbehandler
FINN-kode
364945930
Sist endret
12. aug. 2024 06:15