Inaktiv

Tolletaten søkjer deg som er klar til å bidra i ein spennande og utfordrande jobb!

Arbeidsgiver
Tolletaten
Frist
01.09.2024

Beskrivelse

Førstetollinspektør/tolloverinspektør til oppfølgingsseksjonen i Bergen

Vi skal styrkje oppfølgingsseksjonen i Bergen, som mellom anna jobbar med deklarasjonsbehandling og etterkontroll.Vareførselsdivisjonen, som har hovudkontor i Bergen, skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen består av fire fagavdelingar og to stabar.

Oppfølgingsavdelinga består av sju seksjonar og har nasjonalt fagansvar for å kontrollere den registrerte vareførselen. Seksjonen i Bergen skal gjennom effektive og målretta kontrollar av den registrerte vareførselen i Tolletatens deklarasjonssystem (TVINN) og ved etterkontrollar bidra til at oppfølgingsavdelinga når måla sine og får dei resultata dei ønskjer.

Oppgåvene vil primært vere knytte til deklarasjonskontroll, men annan kontroll av næringslivet kan òg bli aktuelt.Det kan vere aktuelt å leggje koordinerings- og oppfølgingsansvar for ein av Tolletatens samarbeidande aktørar til stillinga. Dette er ei spennande oppgåve som vil krevje noko reiseverksemd.

Vi søkjer no etter deg som har relevant erfaring med å kontrollere og rettleie omkring etterleving av regelverk.

Sentrale arbeidsoppgåver:
  • Sjå til at regelverk og prosedyrar for grensekryssande vareførsel blir følgde, mellom anna gjennom målretta kontroll av TVINN-deklarasjonar, til dømes ved å vurdere og verifisere deklarerte opplysningar mot framlagde dokument
  • Samarbeide med næringsliv og andre offentlege instansar
  • Delta i utviklings- og prosjektarbeid


Arbeidsoppgåvene vil variere i tråd med satsingane og prioriteringane som til kvar tid gjeld for seksjonen.Du må rekne med at det blir litt reising.

Kvalifikasjonar:
  • Du har bachelorgrad i toll, vareførsel og grensekontroll eller gjennomført og bestått fordjupingsnivå på Tolletatens kompetansesenter.
  • Du har relevant erfaring frå saksbehandling og/eller kontrollverksemd, gjerne frå offentleg sektor.
  • Stillinga som tolloverinspektør krev svært god realkompetanse som er relevant for dei aktuelle oppgåvene og ansvarsområda.
  • Det er ein fordel med kjennskap til TVINN/fortollingsprosedyrar.
  • Erfaring frå juridisk arbeid eller utdanning i juridiske fag kan vere ein fordel.
  • God IT-kunnskap kan vere ein fordel.
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er ønskjeleg.
  • Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.


Personlege eigenskapar:
  • Du har evne til å arbeide strukturert og mål- og resultatorientert.
  • Du kan jobbe både sjølvstendig og i team.
  • Du har gode samarbeidseigenskapar og er løysingsorientert.
  • Du tek initiativ, er nysgjerrig og ønskjer å bidra på alle arbeidsområde.
  • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet.


Vi tilbyr:
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • Intern opplæring
  • Fagleg samarbeid både internt, i avdelinga og i Tolletaten
  • Lønn som førstetollinspektør, lønnsspenn kr 524 700–565 900 (ltr. 53–58), eller som tolloverinspektør, lønnsspenn kr 548 600–624 500 (ltr. 56–64), avhengig av bakgrunn og kvalifikasjonar – for særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Høve til å trene i arbeidstida
  • Arbeidsstad i moderne lokale i Bergen (Solheimsviken)


Du må kunne levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing. Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte seksjonssjef Kenneth Rastad på tlf. 928 08 535 / kenneth.rastad@toll.no.


Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Inkludering og mangfald
I Tolletaten er vi opptekne av mangfald, og vi ønskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. For å kunne utføre samfunnsoppdraget vårt best mogleg treng vi medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring og kompetanse og med ulike perspektiv. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Sektor
Offentlig
Sted
5037 Bergen
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Annet, Kontor og administrasjon
FINN-kode
365202601
Sist endret
12. aug. 2024 06:23