Inaktiv

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver
ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen/ Habiliteringsavdelinga for vaksne
Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fast stilling for psykologspesialist/psykolog. Vi ønsker oss ein engasjert og dyktig psykolog/psykologspesialist til eit spennande og variert fagfelt.

Habiliteringavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering.

HAVO sine tenester er retta mot personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene. Ofte er utfordringane komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging.

HAVO har 6 psykologstillingar som har følgande spesialitetar: klinisk vaksenpsykologi, samfunnspsykologi, rus- og avhengigheitspsykologi og habilitering. To av våre psykologar er i gang med spesialisering innan nevropsykologi.

HAVO er samansett av fleire yrkesgrupper m.a.: Overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergoterapeutar, pedagogar, fysioterapeut og
sekretærar. Psykologane har primært arbeid i poliklinikken, men nokre ambulante oppdrag må påreknast. Vi nyttar eigne tenestebiler.

Vi søker etter psykolog/psykologspesialist med interesse for fagfeltet.

Habiliteringsavdelinga er for tida lokakalisert i Olav Bjordals veg 29, Breistein i Åsane. Det er gode høve for parkering. Det er planlagd flytting til Nordås innan 2027/28 for samlokalisering med øvrige avdelingar i klinikken.

Tilsetjingsdato er 01.12.2024 eller etter nærare avtale.

Sjå elles våre internettsider: Les meir



Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og diagnostisering
  • Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • Bidra i fagutvikling
  • Kurs, undervising og pasientopplæring

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Kjennskap til og interesse for fagfeltet
  • Erfaring med utgreiing og testing er ein fordel
  • God muntleg og skriftleg evne til kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Trivsel med tverrfagleg samarbeid
  • Engasjement for faget og interesse for pasientgruppa
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad

Vi tilbyr deg

  • Spennande utfordringar og oppgåver
  • Tverrfaglege og kompetent medarbeidarar
  • Opplæring og rettleiing
  • Eit robust og triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksitidsavtale
  • Gode pensjonsordningar


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, 95197626

Arbeidsstad

Olav Bjordals veg 29

5111 Breistein

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4844258145

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
365409038
Sist endret
12. aug. 2024 06:30