Psykologspesialist

Arbeidsgiver
Utgreiing og behandling psykisk helse Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykologspesialist
Frist
27.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Seksjon for Utredning og behandling har ledig ei fast stilling som psykologspesialist!

Seksjonen har ansvar for ca. 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal. Som psykologspesialist i vår seksjon blir du ein del av eit behandlingsteam med 3 overlegar (spesialistar i psykiatri) samt legar i spesialisering i psykiatri.

Seksjonen tar imot både frivillige og tvangsinnleggingar og stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar. Vi har legar i spesialisering(LIS1/LIS3) i seksjonen slik at utdanning og videreformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på eit godt arbeidsmiljø og ein hyggeleg stad å jobbe. Seksjonen tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane og det er lav terskel for tverrfaglege drøftinger.

Hausten 2024 flytter seksjonen inn i nye, fantastiske lokaler i Sykehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Vil du bli med på laget? Send oss ein søknad!

Vi treng ein psykolog som vil vere hos oss over lengre tid for å kunne følge lange behandlings-og rehabiliteringsprosessar og skape eit godt og trygt miljø både for pasientar og tilsette. Som tilsett hos oss må du vere ein lagspelar. Vi arbeider tett i team med miljøtilsette. Vi har mange erfarne miljøterapeutar som gjerne deler sin kunnskap med deg. Du blir ein fagleg «spydspiss» som kollegaer kan støtte seg til og bli rettleia av. Du vil få god rettleiing og opplæring av erfarne psykologar som er tilsette her ved sjukehuset eller andre sikkerhetsseksjonar i regionen.
Arbeidsstad vil vere på Hjelset der det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal byggast. Som tilsett hos oss vil du delta i vidareutviklinga av sikkerhetsseksjonen og planlegging på innhald i psykiatritilbodet i det nye sjukehuset. Målet vårt er å gi pasientane ei god og framtidsretta behandling og helseteneste.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
  • Psykologiske vurderingar, diagnostisering og behandling
  • Internt samarbeid og rettleiing
  • Eksternt samarbeid og undervisning/ rettleiing
  • Pårørandesamtalar
  • Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak
  • Psykoedukasjon for pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Godkjent vidareutdanning som Psykologspesialist
  • Psykologar som ikkje er ferdig spesialist og psykologar utan spesialisering kan òg søkje
  • Må inneha norsk autorisasjon som psykolog
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg, og ha god språkleg framstillingsevne
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksem
  • Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing
  • Må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
  • Du er nytenkjande, endringsorientert og ansvarsbevisst
  • Du har vilje til å bidra til å styrkje eigen og andre sin kompetanse
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
  • Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Du må ha god fysisk og psykisk helse

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og
padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og
fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale
ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og
spisestader.
Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Bente Lid Sorthe, Seksjonsleder, +47 99214135

Arbeidsstad

Parkveien 84

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4842316278

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Parkveien 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
365432391
Sist endret
12. aug. 2024 11:37