Inaktiv

Kreftsjukepleiar

Arbeidsgiver
Onkologisk post Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Kreftsjukepleiar
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Velkomen som søkar til stilling som kreftsjukepleiar på Kreftpoliklinikken og Sengepost for kreft og blodsjukdommar!

Dette er stillinga for deg som ønskjer å utvikle deg som fagperson og menneske. Vi arbeidar i eit svært spennande og givande fagområde kor det er stor moglegheit for å fordjupe seg spesielt innan medikamentell kreftbehandling. Vi søkjer deg som likar å arbeide sjølvstendig, er framtidsretta og innovativ.

Vi har ledig 1 fast kombinert stilling på 100% totalt, derav 50 % er i kreftpoliklinikk og 50 % i sengepost. Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg.

Intern omrokkering kan gi andre ledige stillingar. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål knytta til stillinga.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.



Arbeidsoppgåver

  • Som sjukepleiar i kreftavdelinga har du ansvar for å yte avansert sjukepleie til kreftpasientar. Eksempel på dette er pasientar som får medikamentell kreftbehandling, strålebehandling og palliativ behandling. Ein jobbar heilhetleg og tverrfagleg i forhold til behandling, symptomlindring, informasjon, koordinering av tenestar, omsorg og støtte.
  • I kreftpoliklinikken har ein eit utvida ansvar for å administrere medikamentell kreftbehandling (cellegift, inmmunterapi og antistoff) samt oppfølging og vurdering av pasientar under behandling.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i kreft
  • Det er ønskeleg med erfaring innan medikamentell kreftbehandling
  • God evne til å handtere kombinasjonsstiling
  • Interesse for arbeid knytta til pasientsikkerheit og forbetringsarbeid
  • God IKT-kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert og framtidsretta
  • Du viser fagleg engasjement i ditt arbeid
  • Du er flesibel, initiativrik og endringsvillig
  • Du arbeider strukturert, er ryddig og nøyaktig
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø og har god evne til samarbeid

Å vere personelg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Liv Bodil Angvik Ipsen, Seksjonsleiar, +47 70106985, Liv.Bodil.Angvik.Ipsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4843843842

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
365440675
Sist endret
12. aug. 2024 01:09